Februar 2012
02.02.: Årsmøte i Norsk Petroleumsforening avd. Sogn og Fjordane, Quality Hotel Florø
Mars 2012
07.03.: Næringskonferansen i Sogn og Fjordane, Sogndal
Florø Lufthamn har no fått direkte flysamband til og frå Stavanger. 16. januar opna Danish Air Transport (DAT) ei ny kommersiell flyrute mellom Skien, Stavanger og Florø. Sjølv om Widerøe overtar konsesjonen på flygingane på Florø Lufthamn 1. april, vil DAT halde fram med den nye ruta.
I januar har Flora Industri- og Næringsforening starta opp to nye Vox-kurs i samarbeid med Flora vidaregåande skule. Dette er dei siste av til saman tretten kurs som FIN og skulen har gjennomført sidan hausten 2010. Totalt har rundt 150 personar frå ei rekke bedrifter i Florø deltatt på kursa.
Flora Industri- og Næringsforening og Norsk Petroleumsforening avd. Sogn og Fjordane arrangerte i år felles julemøte for medlemmene sine. Nær 90 personar deltok på møtet 8. desember på Haavebua i Florø. Gustav Johan Nydal orienterte om utfordringane framover for STX Norway Florø, og Halvor Jahre fortalde om oljeselskapet Lundin Norway og deira leiteaktivitetar.
Med den store interessa det er for næringsareal i kommunen, er Flora i ein særs god posisjon samanlikna med andre kommunar i fylket. Flora kommune må gjere alt den kan for at nye bedrifter skal finne det attraktivt å etablere seg her, og for at eksisterande bedrifter skal få rom og høve til å utvikle seg. Det skriv Flora Industri- og Næringsforening i ein høyringsuttale om områdereguleringsplanen for Florelandet Nord.
BG Norge har som mål å starte produksjonen på Knarr-feltet i første kvartal 2014. Selskapet vil etablere eit operasjonssenter med 10-15 stillingar i Florø. Knarr blir bygd ut med eit produksjons- og lagerskip. Eigar av skipet, Teekay Petrojarl, vil også etablere seg i Florø med eit operasjonskontor med 5-6 faste stillingar.