Rundt 60 personar frå Florø, Førde og Svelgen deltok 19. november på ei samling i Førde for bedrifter i Sunnfjord. Næringsorganisasjonane i Sunnfjord arrangerte fellessamlinga, som er den største organisasjonane har hatt.

UTFORDRINGAR. Leiar i Sunnfjord Næringsråd Rolf Årdal peika mellom anna på utfordringane Sogn og Fjordane har når det gjeld utvikling. Foto: Øyvind Bang-Olsen.
Samlinga starta med ein fagleg del med innlegg om aktuelle tema. Leiar i Sunnfjord Næringsråd Rolf Årdal opna med å fortelje om denne organisasjonen og kva saker den jobbar med. Sunnfjord Næringsråd er eit felles overbygg som er etablert av næringsorganisasjonane i Førde, Florø og Svelgen. Viktige felles arbeidsområde er rekruttering til Sunnfjord, vegar og infrastruktur, reiseliv, utdanning og helse, og næringsplan for Sunnfjord. Rolf Årdal peika mellom anna på at det er stor arbeidspendling mellom kommunane i Sunnfjord. Berre Flora, Førde og Årdal hadde positiv jobbskaping i fylket i 2008. Ungdomskulla i Sogn og Fjordane minkar kraftig.
Dagleg leiar Øyvind Bang-Olsen i Sunnfjord 2020 orienterte kort om status for arbeidet for 45-minuttsregionen Florø/Førde-Svelgen-Måløy. Ein må sjå på endra brukarfinansiering og andre finansieringsmåtar for å få i gang dette prosjektet slik vegprioriteringane vil vere i fylket for åra framover.
Direktør Odd Erik Gullaksen ved Rica Sunnfjord Hotel fortalde om dette største hotellet mellom Bergen og Ålesund, som i år har fått ei større utbygging med spa-avdeling. Arrangementsjef Sølvi Lien presenterte Førdefestivalen - Nordens største festival for verdsmusikk.
Spennande i Svelgen
Verksdirektør Steinar Talle hadde innlegg om Elkem Bremanger og kva denne store bedrifta jobbar med. Elkem Bremanger produserer årleg 120.000 tonn. Dette er silisium til m.a. solcelleindustrien og støyperiprodukt til m.a. bilindustrien og vindmøller. Verket i Svelgen har tre svære smelteomnar og eit stort hydrometallurgisk anlegg som er det einaste i sitt slag i verda. Elkem Bremanger har 170 tilsette og høg kompetanse både på ingeniør- og operatørsida.
I 2009 har Elkem Bremanger brukt over 80 millionar kroner på å utvide produksjonen, særleg av silisium. Svelgen-bedrifta er verdas største leverandør av silisium til solcellebruk. Elkem Bremanger jobbar også med nye spennande produkt og marknader. Svelgen er ein attraktiv stad for ein solarfabrikk. Men Elkem er heilt avhengig av kortare veg og ein større bu- og arbeidsmarknad for å realisere eit slikt prosjekt, understreka Steinar Talle.
Hamneutbygging og jubileumsmesse i Flora
Den nye hamnesjefen Audun Korneliussen i Flora Hamn KF orienterte om hamnene i Florø og hamneterminalplanane i Botnastranda. Første byggesteg i Botnastranda er ei kai på 150 meter, andre steg er eit ro-ro-anlegg og tredje steg er endå ei kai på 150 meter. Hamnesjefen håpa at heile fylket vil bruke kaiene i Florø og peika på at det er veldig gunstig for bedrifter å køyre gods til Florø og til godsfartøya som trafikkerer byen.
Per Øyvind Helle frå PosAktiv avslutta den faglege delen med ei kort orientering om Fylkesflora - den fylkesdekkande næringslivsmessa som blir arrangert i Florø 28. til 30. mai i jubileumsåret 2010. Dette vil bli den største messa i sitt slag i fylket, og den blir både ei næringsmesse og ei karrieremesse retta mot ungdom.
Viktig å bli kjende over kommunegrensene
I ein innleggsrunde peika Rolf Årdal på at Sogn og Fjordane utdannar jentene ut av fylket, medan gutane utdannar seg slik at dei blir att. Bjørn Hollevik frå Flora Industri- og Næringsforening meinte at næringslivet må ta ansvaret for å dra med ungdommen og ikkje overlate til det offentlege å fortelje kva næringslivet driv med.
Førde-ordførar Nils Gjerland og Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad var også med på samlinga. Nils Gjerland streka under kor viktig det er å møtast og bli kjende over kommunegrensene. Kommunane har ulike fortrinn som er muligheiter for andre, og ein må gle seg over det andre får til. Også Kåre Olav Svarstad slo fast at ein må sjå ut over eigne kommunegrenser for å få til vekst og utvikling.
Samlinga i Førde vart avslutta med middag og sosialt samvær. Siktemålet med samlinga var at bedriftene i Sunnfjord skal bli betre kjende og å legge grunnlag for gode nettverk - og i så måte var arrangementet veldig vellukka. Flora Industri- og Næringsforening organiserte eigen buss til og frå Førde for deltakarar frå Flora.
SVELGEN. Verksdirektør Steinar Talle ved Elkem Bremanger heldt ei engasjert orientering om ei stor og spennande bedrift i Svelgen. Foto: Øyvind Bang-Olsen.
STOR DELTAKING. Rundt 60 personar - om lag like mange frå Florø og frå Førde - deltok på næringslivssamlinga 19. november. Foto: Øyvind Bang-Olsen.