I februar 2010 vil Sogn og Fjordane ha nye rekrutteringsmesser både i Oslo, Trondheim og Bergen. Arrangør er som i 2009 Framtidsfylket AS. Messene som Framtidsfylket hadde i dei tre byane sist vinter samla heile 750 besøkande.

REKRUTTERINGSMESSER. Marit Gjerstad i Sunnfjord 2020 og besøkande på Sunnfjord-stand på messa i Trondheim i 2009. Foto: Øyvind Bang-Olsen.
For mange er dei spennande karrieremuligheitene i Sogn og Fjordane ein godt skjult løyndom. I lag med bedrifter, kommunar og regionane ønsker Framtidsfylket å vise dei mangfaldige og spennande jobbane som ein finn i fylket vårt. Messene blir arrangerte for fjerde år på rad og er blitt ein god tradisjon som studentar, arbeidstakarar og dei som har messestand set stor pris på. Tidlegare messer har vore ein suksess. I 2009 hadde messene 750 besøkande og gode evalueringar, skriv Framtidsfylket AS i invitasjonen til dei nye messene.
I 2010 blir messene arrangerte slik:
Måndag 1. februar: Oslo - Clarion Hotel Royal Christiania.
Torsdag 11. februar: Trondheim - Radisson SAS Royal Garden Hotel.
Tysdag 16. februar: Bergen - Grieghallen.
Framtidsfylket AS satsar på romslege sentrumsnære lokalitetar og nye grep i programmet, som dei trur kan gi endå fleire positive resultat. Påmeldingsfristen for å delta på stand er 12. januar 2010.
Nettportalen framtidsfylket.no er i haust relansert med nye funksjonar og nytt innhald. Her ligg nærare informasjon om rekrutteringsmessene m.v.
På framtidsfylket.no kan bedrifter gratis legge ut informasjon om seg sjølv og om ledige stillingar, søke i CV-basen osv. Fram mot messene vil mange arbeidssøkarar vere innom portalen.
Her ligg også informasjon om den fylkesdekkande traineeordninga Framtidsfylket Trainee. Søknadsfristen for traineekandidatane er 8. mars 2010. Bedrifter som ønsker å vere med i ordninga må derfor ta kontakt raskt, oppmodar Anne van Oorschot i Framtidsfylket AS.