Registrer   Logg inn
  
Kalender 2010

August 2010

17.-20.08.: Nor-Fishing - fiskerimesse i Trondheim.

24.-27.08: ONS 2010 - oljemesse i Stavanger.

 

Skriv ut  
Lenker
Skriv ut  
Mange bedrifter på jobbmesse i romjula
Mange bedrifter på jobbmesse i romjula

29 private og offentlege verksemder deltok med stand på jobbmessa i Florø i romjula. Messa er den sjette i sitt slag som er arrangert i Florø, og aldri før har så mange bedrifter deltatt. Mellom 150 og 200 besøkande var innom messa i Flora Samfunnshus.

GOD OPPSLUTNING. Jobbmessa i Florø 29. desember samla nær 30 bedrifter og arbeidsgivarar og nærare 200 besøkande. Foto: Magnus Helge Torvanger.
 
Sunnfjord 2020 har arrangert dei fleste jobbmessene i Florø og var arrangør også denne gangen. Målgrupper for messene er både studentar som er heime på juleferie, skuleelevar og unge vaksne som er begynt i arbeidslivet. Rundt 50 av dei som besøkte messa nytta høvet til å registrere seg i databasen til Sunnfjord 2020. Dei får tilsendt infomasjon om ledige jobbar m.v. Også bedrifter kan bruke databasen til å finne personar som dei kan vere interesserte i.
 
Havbruksbedriftene i Flora hadde denne gangen ein felles stand med fleire bedrifter som ikkje har deltatt på jobbmessa tidlegare. Dei hadde eigen kokk - Tore Skarstein - som baud på sushi av laks frå Flora. Også Politiet deltok på jobbmessa for første gang.
 
Bistro To kokker serverte pizza til messedeltakarane. Sunnfjord 2020 hadde ein spørjekonkurranse med premiar som vart trekte mot slutten av messa.
 
Arrangøren har fått berre positive tilbakemeldingar på messa, mellom anna frå Politiet som ny deltakar. - Vi ser at det skjer ei lita dreiing frå produksjonsorienterte til kunnskapsintensive bedrifter. Dette syner kanskje at det her vi vil sjå veksten i åra som kjem, seier Stein Kvalsund i Sunnfjord 2020.
 
Flora var åleine om eit slikt arrangement då Sunnfjord 2020 avvikla den første jobbmessa i romjula 2003. Sidan har andre kommunar både i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre gått i gang med jobbmesser i jula. - Messene er ein møteplass for både studentar og andre. Å sette av eit par timar til denne messa trur eg er viktig for alle aktørar i Flora, seier Stein Kvalsund. 
 
 

 MANGE BESØKANDE. Besøkande på jobbmessa ved standen til PricewaterhouseCoopers. Foto: Øyvind Bang-Olsen.

 

 NOR TEKSTIL. Ester Belsvik på standen til Nor Tekstil. Foto: Øyvind Bang-Olsen.

 
 
EIGEN KOKK. Tore Skarstein baud på sushi på fellesstanden til havbruksbedriftene. Foto: Øyvind Bang-Olsen.

05.01.2010

Fleire nyheiter...  

Skriv ut