Dei mørke skyene trekker av, men dei har ikkje trekt over. Prognosane er mykje betre enn vi trudde dei ville bli for eit par månader sidan, sa Frode Henden i NAV under presentasjonen av Næringsbarometeret i Florø 21. januar.

FORVENTINGANE ER BETRE. Forventingsindeksen for næringslivet Sogn og Fjordane når det gjeld omsetning, lønsemd, sysselsetting og investeringar. Kjelde: Næringsbarometeret.
Dette er det ellevte Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. Bak tiltaket står dei to fylkeskommunane, NHO, Sparebanken Vest, Innovasjon Norge og NAV. Næringsbarometeret kjem no ut i januar kvart år. Lanseringa i Sogn og Fjordane i år skjedde hos INC-gruppa på Fjord Base i Florø. Årets utgåve bygger på ei undersøking med 1.320 bedrifter i dei to fylka i november 2009.
Karin Halle frå NHO og Olav Hjelle frå Sparebanken Vest presenterte det nye Næringsbarometeret. Det er tendensar til lysning for næringslivet alt i slutten av 2009. Nedgangen i investeringar vil venteleg stoppe i 2010. Ein ventar moderat vekst både i 2010 og 2011 og konjunkturoppgang først i 2012.
Eit fleirtal av bedriftene i Sogn og Fjordane ventar vekst i 2010, og nedgangen i sysselsettinga flatar ut. Men ordretilgangen er lågare og meir kortsiktig enn tidlegare, og fleire bedrifter har tæra på eigenkapitalen. I alle næringar er optimismen større enn den var for eit år sidan.
Næringsbarometeret har også sett på utviklinga i dei enkelte regionane. Region Sunnfjord omfattar Flora, Førde med omlandskommunar og Høyanger. Regionen hadde i 2008 ein vekst i folketalet på 0,6 % - som var best i fylket - og ein vekst i sysselsettinga på 0,7 %.
Halvparten av bedriftene i Sunnfjord ventar ein uendra marknadsituasjon i 2010, og kvar tredje bedrift ventar ei betring. 30 % av bedriftene ventar vekst i sysselsettinga, medan 12 % ventar ein nedgang. Over 40 % av industribedriftene ventar redusert sysselsetting, og berre 10 % ventar vekst. Innan bygg og anlegg ventar kvar fjerde bedrift vekst. 90 bedrifter i Sunnfjord-regionen har svara på undersøkinga.