Registrer   Logg inn
  
Kalender 2010

August 2010

17.-20.08.: Nor-Fishing - fiskerimesse i Trondheim.

24.-27.08: ONS 2010 - oljemesse i Stavanger.

 

Skriv ut  
Lenker
Skriv ut  
Nytenking og samarbeid i Florø
Nytenking og samarbeid i Florø

Vi må slå oss saman og lage ei større klynge av ingeniørselskap i Sogn og Fjordane. Det krev modige folk som ser muligheitene. Og muligheitene ligg på sokkelen utanfor fylket. Det sa adm. direktør Geir Johannessen i INC-gruppa i eit innlegg under presentasjonen av det nye Næringsbarometeret i Florø.

OFFENSIVT NÆRINGSLIV. Juicetankaren "Orange Sun" ved skipsverftet i Florø, som no omstiller seg til nye marknader. Fotoet er tatt frå oljebasen, som er under stor utbygging. 
Foto: Magnus Helge Torvanger.
 
Kvifor er det så få kompetansearbeidsplassar i oljerelatert verksemd i Sogn og Fjordane? spurde Geir Johannessen. Fylket manglar ein del kompetanse, noko som gjer at ein del oppdrag går oss forbi, peika han på.
 
28 % av norsk oljeproduksjon skjer utanfor Sogn og Fjordane, men fylket har berre 1 % av sysselsettinga i petroleumsnæringa. Slik burde det ikkje vore. Florø har ingen driftsorganisasjon, som har evne til å trekke til seg kompetanse som store ingeniørmiljø. Desse er lokomotiv som drar til seg ein skog av underleverandørar. Det har synt seg vanskeleg for næringslivet i Sogn og Fjordane å bygge alliansar med bedrifter utanfor fylket. Anten må vi få oljeselskapa til å etablere slike kompetansemiljø i fylket, eller så vi må gjere det sjølve. Det burde vi klare i Sogn og Fjordane ved å tenke samarbeid, meinte Geir Johannessen.
 
Ei kontrakt på vedlikehald og modifikasjonar på sokkelen i dag omfattar over 400 årsverk. I Sogn og Fjordane burde vi klare å vinne eit par slike kontrakter. Ingeniørrelatert arbeid utgjer 30 % av timane. Oljeselskapa legg kanskje mest vekt på ingeniørkapasitet og at leverandøren har kontor i same byen som driftsorganisasjonen. Dette er ikkje lett å oppfylle, med det burde gå, etter Geir Johannessen sitt syn.
 
Han kom også inn på spørsmålet om ilandføring til Sogn og Fjordane og peika på at det alt er laga eit tilknytingspunkt på gassrøret til Mongstad i Fensfjorden, og at ein har planlagt trasé for eit gassrør til Sløvåg. Der kan byggast både LNG-fabrikk, gasskraftverk m.v. Geir Johannessen utfordra SFE til å komme på bana og dra ballen vidare saman med industrien.
 
 
Baseutvidinga held fram
 
Basesjef Jim Haugland orienterte om utbygginga av Fjord Base i Florø, som opna for 25 år sidan. Fjord Base AS har gjort store utvidingar og utbyggingar på oljebasen dei siste åra. I haust var eit nytt stort areal i aust klart til bruk. Fjord Base har no eit samla areal på 700 mål - av dette er 510 mål planert. Her er 41.000 kvadratmeter med bygg og seks kaier.
 
I 2010 skal nye 58 mål planerast i aust. Også dette arealet er utleigd så snart det er ferdig. Tre nye bygg er under oppføring på Fjord Base - mellom anna kontor- og lagerbygget til GDF SUEZ - og fire bygg er under planlegging på den austre delen av basen, kunne Jim Haugland fortelje.
 
 
Nye strategiar for verftet
 
Verftsdirektør Kjetil Bollestad ved STX Norway Florø fortalde om omstillinga ved verftet og strategiane framover. Tidene er utfordrande i skipsindustrien, også i Florø. Men Bollestad var sikker på at det finst muligheiter i framtida. I Florø har STX eit fantastisk verftsområde og ei veldig dyktig designavdeling. I 2009 vart det utført 1,4 millionar arbeidstimar ved verftet, og der jobba i gjennomsnitt 700-800 personar. Verftet bygde nye skip fortare enn det nokonsinne er gjort i Norge.
 
STX Norway Florø skal levere siste nybygget i mars og må gå i gang med nye aktivitetar. Hovudaktiviteten framover vil bli service, reparasjonar og ombygging, spesielt av offshorefartøy, men også av kjemikalietankarar. Dokka blir no modernisert, og det første fartøyet kjem midt i februar. Florø-verftet blir nok knytt nærare inn mot offshore-verfta til STX på Møre og samarbeider no med desse på marknadssida. Designselskapet har ein stab på tjue personar og bør ikkje bli mindre. Bollestad trudde framleis på ein marknad for design av syrefaste kjemikalieskip og anna skipsdesign.  
 
STX Norway Florø vil starte forsiktig og vil sjå om dei kan begynne å auke aktiviteten att i slutten av året/i 2011. I tida framover vil dei berre ha bruk for tørrdokka og området rundt denne. Verftet har store bygg og areal som kan leigast ut til næringsbruk og har begynt med dette. Saman med Sunnfjord 2020 ser dei på muligheitene for å starte ein næringspark.
 
Dagleg leiar Øyvind Bang-Olsen i Sunnfjord 2020 kom inn på målet om å etablere eit nyskapingssenter i Florø med offshore, maritimt og marint fokus. Ein er i dialog med SIVA om å få status som industriell inkubator med medverknad frå SIVA. Det er også viktig å knyte kontakt med sentrale forskingsmiljø som SINTEF.
 
- Dette er eit godt døme på at de i Florø er mellom dei fremste på innovasjon, nyskaping og samarbeid! sa Olav Hjelle i Sparebanken Vest etter innlegga under presentasjonen av Næringsbarometeret.

25.01.2010

Fleire nyheiter...  

Skriv ut