Registrer   Logg inn
  
Kalender 2010

August 2010

17.-20.08.: Nor-Fishing - fiskerimesse i Trondheim.

24.-27.08: ONS 2010 - oljemesse i Stavanger.

 

Skriv ut  
Lenker
Skriv ut  
GDF SUEZ markerte opning i Florø
GDF SUEZ markerte opning i Florø

GFD SUEZ E&P Norge hadde 18. mars offisiell opning av nytt kontor- og lagerbygg på Fjord Base i Florø. Selskapet skal overta som operatør for Gjøa-feltet i oktober, då Gjøa-plattforma startar produksjonen. Base- og logistikktenestene til Gjøa skal leverast frå Florø.  

KLIPPER SNORA. Erling Sande, leiar i energi- og miljøkomitéen på Stortinget, klipper snora og opnar nybygget. Til venstre adm. direktør Terje Overvik og til høgre styreleiar Jean-Marie Dauger i GDF SUEZ E&P Norge. 
Foto: Magnus Helge Torvanger.


Fjord Base AS har reist og leiger ut det nye bygget til GDF SUEZ. Bygget har fått ei sentral plassering på oljebasen i Florø. Det har ein lagerhall på 1.500 kvadratmeter og ein kontordel på nær 1.000 kvadratmeter. GDF SUEZ etablerte seg på basen sommaren 2008 og har fram til i vinter leigd mellombelse kontor- og lagerlokale.

Eit stort tal gjester - både politikarar, samarbeidspartnarar og næringslivsfolk - var inviterte til opninga av bygget. Florø Hornmusikk spela mellom anna fanfaren som er laga til Florø sitt 150-årsjubileum i år. Hovudartist under opninga var Tone Damli Aaberge frå Sogndal med band. Elles var det servering ved Bistro To kokker og omvisning i bygget.
 
Komne for å bli
 
Denne opninga er første element i eit stort prosjekt som går fram til Gjøa-plattforma startar produksjonen til hausten. Det er ei svært viktig hending både for Florø og Norge, men også for vårt selskap og konsern, sa Jean-Marie Dauger, styreleiar i GDF SUEZ E&P Norge. Gjøa er den første store operatøroppgåva til konsernet i Norge, og GDF SUEZ er komme for å bli, sa han. Dauger var glad for at dette skjer same året som Florø har jubileum.
 
Stortingsrepresentant Erling Sande, leiar i energi- og miljøkomitéen, fekk æra av å klippe snora under opninga. Han helsa frå komitéen og Stortinget, og nemnde at komitéen har oppmoda operatøren om å legge endå meir av Gjøa-organisasjonen til Florø.
 
Ordførar Bente Frøyen Steindal ønskte GDF SUEZ hjarteleg velkomne til Flora. Ho peika på at selskapet er største sponsor av 150-årsjubileet.
 
Fylkesordførar Nils R. Sandal gratulerte også. GDF SUEZ vil gi ny dynamikk til Florø. Fylkesordføraren håpa at dette er starten på meir oljeaktivitet i byen, i tråd med signala frå stortingskomitéen. Han håpa vidare at både Statoil og GDF SUEZ vil invitere den lokale industrien, og at GDF SUEZ vil vere positiv til å delta i ein industriinkubator i Florø.
 
Oddgeir Igland i INC-gruppa overleverte bygg og uteareal til GDF SUEZ på vegner av eigarane på basen. Dette er ein viktig milepel for Florø og Sogn og Fjordane når det gjeld å få meir kompetansearbeidsplassar, sa han.
 
Styreleiar Bjørn Hollevik helsa og gratulerte frå Flora Industri- og Næringsforening. GDF SUEZ er mellom dei rundt 50 medlemmene i foreininga. Bjørn Hollevik håpa at GDF SUEZ ville bli med på å bygge opp eit større ingeniørmiljø i Florø. Selskapet si deltaking er viktigare for lokalsamfunnet her enn i ein større by. Både styreleiaren i FIN og ei rekke andre andre gjester overrekte gåver til GDF SUEZ.
 
Støtte til industriinkubator
 
Gjøa-utbygginga er det største industriprosjektet som no er i gang i Norge, fastslo adm. direktør Terje Overvik i GDF SUEZ E&P Norge. Han peika på at olje- og gassfunna utanfor fylket gir store muligheiter for Florø. Gjøa vil bli navet i ei utvikling der ein bygger ut mange småfunn rundt feltet. Investeringa på Gjøa er gjort, og då må den brukast. Levetida til Gjøa-plattforma er rekna til 30 år - men det er inga avgrensing. La oss sørge for at Florø bli base for dette området, sa han. Terje Overvik kunne også love at GDF SUEZ vil støtte ein industriinkubator i Florø.

 

HOVUDARTISTEN. Tone Damli Aaberge var hovudartist i opningsprogrammet til GDF SUEZ. Foto: Magnus Helge Torvanger.

 

GDF SUEZ I FLORØ. Selskapet har nettopp flytta inn i kontordelen i nybygget på Fjord Base. Bak ligg lagerhallen, som er tatt i bruk litt tidlegare. Foto: Magnus Helge Torvanger.

19.03.2010

Fleire nyheiter...  

Skriv ut