Rundt 120 selskap og organisasjonar frå heile Sogn og Fjordane var representerte på den store Fylkesmessa i Florø i helga 28. til 30. mai. Messa vart arrangert same månad som byen har 150-årsjubileum. Til saman besøkte ca. 4.200 personar messa.

BILBRANSJEN både i Florø og Førde presenterte ei rekke nye modellar i messehallen.
Fylkesmessa opna på fredagen med ein karrieremessedag retta mot ungdom. 1.200 skuleungdommar både frå Flora og andre kommunar var innom denne dagen. Laurdag og søndag var rundt 3.000 personar innom messa, dei 450 personane som stod på stand medrekna. Messa baud også på underhaldningsinnslag som kokkekamp og barneshow ved Solveig Hareide frå NRK-programmet Newton.
- Dei fleste utstillarane kom frå Flora og Sunnfjord. Men vi hadde med viktige bedrifter frå heile fylket. Tilbakemeldingane frå utstillarane er veldig, veldig bra. Nokon var overstrøymande glade over kor viktig dette tiltaket var. Relasjonsskaping - at utstillarane skulle få kontakt med kvarandre - var også eit hovudmål med messa, fortel Per Øyvind Helle, prosjektleiar for messa.
- Tilbakemeldingane frå utstillarane som eg snakka med på messa var eintydig positive. Eg håpar at vi greier å få til arrangementet på ny, anten neste år eller annakvart år. Å arrangere messa samtidig som friidrettsfestivalen i Florø var til gjensidig nytte. Mange kom til Florø fordi her var to arrangement, seier Bjørn Hollevik, styreleiar i FIN. Han stod sjølv på stand for Safari Engros, som fekk veldig gode tilbakemeldingar frå messepublikumet.
- Det var høgt profesjonelt nivå på messa både arrangementteknisk og når det gjeld publikumsaktivitetar. Å få så bra deltaking på såpass kort tid og å få med ungdommen på den måten det vart gjort, er rett og slett imponerande, seier Øyvind Bang-Olsen i Sunnfjord 2020.
- Som førstegangsarrangement var Fylkesmessa ein stor suksess. Dette må vi gjenta. Så får vi evaluere om det skal skje neste år eller om to år. Dei fleste eg har snakka med ønsker å ha ei slik messe i Florø kvart år, fortel Per Øyvind Helle.

FJORD1 FYLKESBAATANE baud på nysteikte sveler. Frå venstre Stig Kristoffersen, Tonje Natvik, Frode Kjelkenes og Sigrunn Hellebust.
VESTNES INNREDNING. Frå venstre Lone Bareksten, Kai-Helge Rønvåg og Halvor Halvorsen.
FLORØ OG MÅLØY. Bjørn Hollevik i Safari Engros serverer frukt til Kristin Maurstad frå Måløy Vekst.
FLORA OG FØRDE. Sunnfjord 2020, Sunnfjord Næringsutvikling, Flora Industri- og Næringsforening m.fl. hadde felles stand. Frå venstre Øyvind Bang-Olsen i Sunnfjord 2020, og Anne Berg, Frode Fluge og Arne Grimseth i Sunnfjord Næringsutvikling i Førde.
Alle foto: Magnus Helge Torvanger,