I tidsrommet 14. juni til 13. august vil eit designkontor vere i arbeid i Florø. Fem studentar frå Trondheim og Oslo driftar kontoret, som held til hos STX Norway Design Florø AS. Dei skal utføre oppgåver for åtte selskap i ulike bransjar frå Florø, Førde og Hyen.

DESIGNSTUDENTAR. Desse fem studentane skal drive sommardesignkontoret i Florø. Framme prosjektleiar Terese Charlotte Aarland og Marius Johansen, og bak frå venstre Eirik Guttulsrud, Emil Khoury og Julie Nordang Utgård.
Sommardesignkontoret i Florø er det eine av tre slike kontor i Norge sommaren 2010. Ordninga kom i gang sommaren 2006, og sidan den gang har 104 bedrifter samarbeidd med desse designkontora. Tilbodet er eit samarbeid mellom NTNU, Innovasjon Norge og Bedriftsforbundet, med Sunnfjord 2020 som lokal samarbeidspartnar for sommardesignkontoret i Florø.
14. juni var det offisiell opning av kontoret. Ordførar Bente Frøyen Steindal ønskte kontoret og studentane velkomne til Florø - ein levande og frisk by med eit attraktivt næringsliv med stor verdiskaping. Ho håpa av studentane vil trivast og at lokalsamfunnet vil sjå frukter av arbeidet.
Tom Bolstad frå Bedriftsforbundet peika på at norsk næringsliv må konkurrere på å jobbe smart. Industridesign er eit verktøy her. Han trudde at alle bedriftene som skal samarbeide med sommardesignkontoret vil bli overraska over kva dei vil få ut av desse vekene.
Siw Heggedal Longvastøl frå Innovasjon Norge ønskte at designarane kan gi meir kreativitet og nyskapande tenking. Det er viktig å skille seg ut i mengda. Ein vil prøve å sjå kva utfordringar og muligheiter det er i kvar bedrift. Å sjå seg sjølv utanfrå er uhyre nyttig.
Terje Aas frå Innovasjon Norge og styringsgruppa for sommardesignkontora slo fast at ein har klart å rekruttere åtte bedrifter med åtte spennande prosjekt til kontoret i Florø. At bedriftene har meldt seg viser at dei er innovative og opne for innspel - og då er dei komne langt.
Florø-bedriftene som samarbeider med sommardesignkontoret er Origod AS og Vestnes Produkt AS. Frå Førde deltar fem bedrifter og kontor - mellom dei Opplæringskontoret for Prosess og Mekanisk Industri - og frå Hyen ei bedrift.