I sommar er det på ny oljemesse i Stavanger. ONS 2010 blir arrangert i dagane 24. til 27. august. Flora kommune, Sunnfjord 2020 og næringslivet i Flora vil profilere seg sterkt under årets oljemesse og oljefestival. 150-årsjubileet til Florø blir ein del av profileringa. Sunnfjord 2020 vil også vere med på fiskerimessa i Trondheim, som er veka før.

KRONPRINSEN OG ORDFØRAREN. Kronprins Haakon Magnus i samtale med ordførar Bente Frøyen Steindal under oljemessa i 2008.
Foto: Øyvind Bang-Olsen.
Sogn og Fjordane vil som tidlegare ha ein eigen paviljong på oljemessa. Her vil Sunnfjord 2020, Flora Hamn, Bremanger Hamn og Næring, Måløy Vekst og Nordfjord Hamn ha ein felles stand på 40 kvadratmeter. Til saman vil eit tital selskap frå Flora, Bremanger og Vågsøy vere representerte på standen. På nabostanden vil ein finne INC-gruppa med sine mange selskap. Sogn og Fjordane vil vere å finne i Hall D og på Stand 442 under ONS.
Dei tre kystkommunane vil marknadsføre regionen sin og næringsaktørane der og muligheitene for å etablere ulike bedrifter i kommunane. Vekstselskapa har utvikla ein eigen profil for oljemessa som er ei vidareføring av 45-minuttsregionen. Det nye reiselivsselskapet Fjordkysten vil også delta på messa i år, fortel Stein Kvalsund i Sunnfjord 2020.
Festivaltelt og veteranbåt
Flora kommune brukar også å ha eit eige telt under oljefestivalen ved hamna i Stavanger, som går på ettermiddag- og kveldstid. I år vil dette teltet bli på 100 kvadratmeter og vere dobbelt så stort som tidlegare. Fylkeskommunen og kystkommunane har invitert politikarar og næringsliv m.fl. til presentasjon og mottaking i festivalteltet om kvelden den 25. august. Både fylkesordføraren og ordførarane i kommunane blir med. Leiar i energi- og miljøkomitéen Erling Sande vil opne arrangementet. Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal vil komme med ei jubileumshelsing frå Florø by. Elles blir det både kokkekurs, familieaktivitetar, servering og underhaldning i teltet.
Like ved Flora-teltet vil MS "Atløy" ligge ved kai. Veteranbåten frå Florø har vore i Stavanger under kvar oljemesse sidan 2000. Den er blitt både eit blikkfang ved hamna og ein populær møtestad. Bistro To kokker vil servere sjømat både om bord i "Atløy" og i teltet.
I august er det også fiskerimesse i Trondheim. Den store internasjonale messa Nor-Fishing blir arrangert der annakvart år - i år i tida 17. til 20. august. Også på denne messa vil Sunnfjord 2020, Flora Hamn, Måløy Vekst og Bremanger Hamn og Næring ha ein stand. Denne er ein del av Sogn og Fjordane sin 200 kvadratmeter store fellesstand. - Vi vil profilere fellesprosjekt og enkeltprosjekt i regionen. Nettverkbygging er viktig på ei slik messe. Den er ein viktig møteplass for å treffe fiskarane, som har det travelt elles, seier Marit Gjerstad i Sunnfjord 2020. A til Å Reklamebyrå i Florø administrerer fellesstanden på fiskerimessa for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Den vil vere i Hall D og ha standnummer 355 i Trondheim.