Oppføringer av endre

Frukostmøte 2. november

Aksello ønsker velkommen til ny Frukostsamling den 2. november. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg frå kl. 08.00 til 09.00. Fagleg skulle det være noko for ein kvar smak: Flora Videregåande sitt Malawi-prosjekt, v/elevar og lærar Guleslettene Vindkraft status v/Olav Rommetveit Sogn og Fjordane Næringsråd v/Leon Bakkebø Ordet fritt Samlinga […]

Døra ikkje lukka

Leiar Bjørn Hollevik i Flora Industri- og Næringsforening let seg ikkje vippe av pinnen av Ketil Solvik-Olsen sin uttale om Florø lufthamn. – Sjølv om samferdsleministeren var veldig rund i formuleringane sine, tolkar eg ikkje svaret hans som at han ikkje ønsker å få fortgang i arbeidet med å få Florø attende på FOT-rutene. Les […]

Vekst i Vest 16.11. 2017

Vi minner om petroleumskonferansen Vekst i Vest på Flora Samfunnshus torsdag 16. november. Vi håper og trur at dette vert ein nyttig nettverksarena med godt høve til å oppdatere seg på det som skjer innan petroleumssektoren, ikkje minst i Nordleg del av Nordsjøen. Så langt har 90 meldt seg på. Det er bra, men vi […]

Temposeminaret 4.11. 2017

Fredag 3. november i Flora samfunnshus, Florø. Temposeminaret i Florø har gjennom 17 år vore det leiande og største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane. Temposeminaret har opparbeidd eit ry som eit av dei beste inspirasjonsseminara i landet – det viser både tilbakemeldingar frå publikum og frå profilerte føredragshaldarar. Temposeminaret er ein god arena for […]

«Samrøre i Sunnfjord» torsdag 19. oktober

Førde Industri- og Næringssamskipnad (FINS) og Flora Industri og Næringsforening (FIN) inviterer næringsaktørar til nok eit felles og uhøgtideleg møte. Bli med på eit nyttig og triveleg minglemøte, og bli betre kjent med Reodorklubben i Førde torsdag 19. oktober. Opplegg og tidsplan:  Besøk på Reodorklubben på Verftet i Førde kl. 17.00 – sjå facebooksida til Reodorklubben […]

Frukostsamling Aksello 5. oktober

Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg frå kl. 08.00 til 09.00. Program: Moglegheiter i Kinn kommune v/ordførarane Kristin Maurstad og Ola Teigen Vestnes Ocean i medvind v/marknadssjef Morten Eriksen Soldalen Besøksgård v/Tonje Terøy Ordet fritt (her kjem litt om UNICEF, Haavetunet, Newton-rom og sikkert mykje anna) Samlinga finn stad i […]

Frukostsamling Aksello 7. september

Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00. Program: Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir. Dagfinn Neteland Helle Knivfabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune Ordet fritt Les meir og meld deg på her: http://aksello.no/frukostsamling-7-september-med-ferjer-knivar-og-syklar/

Få på plass FOT-ruter i Florø no!

FIN har (17. august 2017) sendt ut ei pressemelding om rapporten som Møreforsking har utarbeidd – om konsekvensane av kommersialiseringa av flytilbodet ved Flora Lufthamn: Få på plass FOT-ruter i Florø no Flora Industri- og Næringsforening (FIN) har i regi av Møreforskning fått utarbeidd ein rapport som har sett på konsekvensar av kommersialiseringa av flytilbodet […]

Frukostsamling Aksello 1. juni

Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00. Program: Høgskulen i Florø og vegen vidare v/Øyvind Østrem Nye idélab-bedrifter: Septentrio og Norsk Selgerutvikling Sommertreff på Haave-bua den 23. juni v/Heidi Felle Ordet fritt Les meir og meld deg på her: http://aksello.no/frukostsamling-1-juni/

Årets sommartreff i Flora

Aksello inviterer til rekruttering og omdømmebygging Aksello har tidlegare arrangert ein rekrutteringsarena i Flora kommune i form av romjulstreff og førjulstreff. Vi ynskjer å gjere ein vri på dette i år, og planlegg no Årets Sommartreff. Fredag 23. juni inviterer vi studentar, arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar, tilflyttarar, og sjølvsagt dykk i det lokale næringslivet til nettverking […]