Aksello sommartreff

Årets sommartreff i Flora

Aksello inviterer til rekruttering og omdømmebygging

Aksello har tidlegare arrangert ein rekrutteringsarena i Flora kommune i form av romjulstreff og førjulstreff. Vi ynskjer å gjere ein vri på dette i år, og planlegg no Årets Sommartreff.

Fredag 23. juni inviterer vi studentar, arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar, tilflyttarar, og sjølvsagt dykk i det lokale næringslivet til nettverking på Haave-bua frå kl. 13.30 til 15.30.
Her blir det stands til kvar enkelt bedrift, lett servering, god drikke og kanskje litt musikk. Det er kostnadsfritt å delta både for bedrifter og besøkande.

Formålet med arrangementet er å synleggjere kva for moglegheiter og bedrifter som finnast i vårt område. Det er ikkje nødvendig å ha behov for arbeidskraft umiddelbart for å delta med stand, når det gjeld rekruttering er det som de veit viktig å tenke langsiktig, og å arbeide kontinuerlig med synlegheit og omdømme, samt kommunisere framtidas behov til potensielle framtidige arbeidstakarar.

Vi håpar flest mogleg bedrifter stiller med stand, så vi kan få ei samling som gjer eit godt bilde av kva type næringsliv vi har i Flora kommune. Ein ypperleg start på sankthans-feiringen!

Blir dykkar bedrift med? Gje meg ein tilbakemelding så snart som mogleg!
Påmeldingsfrist fredag 16. juni.

Heidi Felle
Rådgjevar
Aksello AS

Mobil: +47 48 22 27 91
Epost: heidi@aksello.no