FIN - Flora Industri og Næringsforening - www.florain.no

Årsmelding FIN 2014

Årsmøtet 2014
Årsmøtet vart halde 13. mars på Quality Hotel Florø. Etter årsmøtesakene hadde basesjef Jim Haugland frå Fjord Base eit innlegg om førebelse planar og utfordringar for Fjord Base Vest. Dagleg leiar for Airwing orienterte om framtidsutsiktene for selskapet i Florø. Dagleg leiar for Fram Flora, Lone Bareksten, orienterte om frukostmøte, som er eit fellesprosjekt for FIN og Fram Flora. Totalt melde 68 personar seg på årsmøtet.

Årsmøtet valde følgjande styre:
Leiar: Bjørn Hollevik, Grind (attval)

Styremedlem: Thor-Arne Ullaland, Trygve Ullaland (ny, for 2 år)

Styremedlem: Kjartan Strand, Niprox (ny, for 2 år)

1. vara: Ingrid Kassen, Norwell (tidl. 2. vara, for 1 år)

2. vara: Tore Havn, Bookkeeper, (ny, for 1 år)

Ikkje på val:

Nestleiar: Siv Merete Stadheim, Avinor Florø

Styremedlem: Arne Stavøstrand, INC Engineering

Attval på revisor Jan Inge Rygg, BDO

Næringsareal og oljebase
Områdereguleringsplanen for Florelandet Nord har vore ei viktig sak for FIN dei siste åra. Sjølv om ny reguleringsplan er vedteken er det framleis uavklarte tilhøve mellom kommunen og utbyggar. FIN er tydeleg på at kommunen må gjere vedtak som gjer det mulig for oljebasen å utvide.

Planområdet vil totalt gi 950.000 kvadratmeter med nytt næringsareal både austover og vestover frå dagens baseområde. I Botnastranda aust er det 93.000 kvadratmeter areal som vil vere det raskaste å opparbeide.

I november 2013 stadfesta Statoil at selskapet kom til å legge ned forsyningsaktiviteten i Florø med unntak av forsyning av Snorre og Visund. Politikarar og næringsliv i Sogn og Fjordane har lagt sterkt press på Statoil og styresmaktene og mellom anna vist til konsesjonsvilkåra. Men Olje- og energidepartementet vil ikkje instruere oljeselskapet i denne saka. Statoil vil ha Fjord Base som hovudbase for rør og har opna for å legge meir rør- og subseaaktivitet til Florø.

FIN tok i januar 2014 initiativ til å samle fleire av medlemsbedriftene innan offshoresektoren under tittelen «Tampen til Florø». Dette næringslivssporet synte fram gode kommersielle grunnar for Statoil til å sjå på Florø som eit godt val for vidare forsyningsverksemd frå Florø. Det førte dessverre ikkje til konkrete resultat, men FIN finn att fleire av innspela sine i samarbeidsavtala mellom Flora kommune og Statoil – i PetroFlora Utviklingsforum. Fram Flora fekk her ei sentral rolle i samhandlinga med Statoil og kommunen i åra framover. Dette er eit forpliktande partnarskap som skal stimulere til etablering av nye petroleumsrelaterte arbeidsplassar og verksemder i samband med Statoil sine endringar av seglingsmønster på Vestlandet. Avtalen fokuserer på fire satsingsområde:

  • Ungdom og utdanning
  • Forretningsaktivitetar
  • Petro-maritime aktivitetar
  • Ny vekst

Når det gjeld dei to andre oljeselskapa som er etablerte i Flora – GDF Suez og BG – har dei hatt jamn og fin vekst siste året. BG flytta inn i nye kontor- og lagerlokalitetar på basen, og i haust kom Knarr skipet på lokasjon på Knarrfeltet. I skrivande stund er første olje kome på dekk. FIN har store forventingar til BG og partnaren TeeKay som driv Knarrfeltet.

Næringsutvikling
Fram Flora AS jobbar med den maritime industriinkubatoren i Florø og med næringsutvikling i Flora kommune. Medeigarar i selskapet er SIVA, Flora kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, FIN, Westcon Yard Florø, Saga Fjordbase, Statoil og GDF SUEZ. FIN har ein eigardel på ca. 11 % og er størst av dei private eigarane.

Inkubatoren jobbar no med utviklingsidéar og knoppskyting retta mot forretningsområda til Westcon. Inkubatoren har også fokus på andre maritime og marine område, olje/gass og fornybar energi. Fire nye selskap innan havbruk, offshoretenester og industri er tatt opp i inkubatoren. Fram Flora jobbar også mykje med utvikling av idéar i eksisterande bedrifter.

Fram Flora har eit SMB-prosjekt for bedrifter med maritimt retta aktivitet. Fram Flora administrerer også det kommunale næringsfondet i Flora. Vidare er Fram Flora engasjert i eit prosjekt om ungt entreprenørskap og gründercamp og i eit næringslivsprosjekt for å auke interessa for realfag mellom ungdom.

Eit breitt samarbeid mellom Fram Flora, FIN og Flora Hamn gjorde til at ein fekk utdjupinga av innseglinga til Flora Hamn med på statsbudsjettet 2014. Arbeidet tok til hausten 2014, og vert etter planen ferdigstilt i starten av 2. kvartal 2015. Steinmassane vert nytta til mellom anna meir næringsareal i kommunen.

FIN var medarrangør av oljekonferansen Vekst i Vest i Florø 13. november, som samla kring 240 deltakarar. Konferansen baud på mange interessante innlegg både frå operatørselskap og landindustri.

Kommunikasjonar
Florø Lufthamn blir stadig viktigare som kommunikasjonsknutepunkt og er avgjerande viktig for næringslivet i Flora. Også i 2014 passerte lufthamna 200.000 passasjerar totalt. Over 50.000 av desse var passasjerar med helikoptera som flyg mellom Florø og plattformer i Nordsjøen.

Samferdsledepartementet har i 2014 førebudd anbodskonkurransen på flyrutene i Sogn og Fjordane, gjeldande frå april 2016. I denne prosessen er det kome signal om at flyrutene i Flora kan bli kommersielle. Dvs. at det blir fritt fram å etablere seg med flyruter til og frå Flora, slik at staten ikkje lenger kjøper flyruter i Flora.

Styret i FIN har vore redd for at dette kunne svekke tilbodet vi har i dag med høg frekvens av flyruter til og frå Oslo og Bergen. Vi har difor laga eigen høyringsuttale til Flora bystyre og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I begge desse politiske organa har vi fått gjennomslag for at kommersiell ruteflyging i Flora ikkje vert å tilrå overfor Samferdsledepartementet. Vi har og sett fokus på dei høge maksimumsprisane på flyrutene på kortbanenettet.

FIN har – ved styreleiar – delteke i det nyoppretta Kystforum, som samlar kommunane nord og sør for Flora, der hovudtema er betre samferdsleløysingar for veg, båt og fly. FIN er opptatt av vegsamband og av båtrutetilbodet i Flora og på kysten av Sogn og Fjordane, og gler seg over at delar av Kystvegen Måløy-Florø er kommen høgt opp i handlingsprogrammet til regional transportplan i fylket. Vegselskapet arbeider no for ei bruløysing over ytre del av Nordfjorden, og ny trasé Kjelkenes – Florø, med bruløysing over Terøy og Årebrot. Dette stiller FIN seg bak.

Utdanning og kompetanseheving
Hausten 2014 starta Høgskolen i Bergen 2. kullet i eit treårig ingeniørstudium i undervassteknologi i Florø med 45 studentar. Samtidig starta Flora vidaregåande skule 2. kullet på VG2-tilbod i brønnteknikk med 12 elevar.

Næringslivet i Flora og regionen har på nytt mobilisert med økonomi som har sikra opptak av eit 3. kull med ingeniørstudentar komande haust. Styreleiaren har saman med studiekoordinator Øyvind Østrem og ordførar Bengt Solheim Olsen hatt fleire møter med den politiske leiinga i departement og utdanningskomité, for å sikre fleire studieplassar finansiert over statsbudsjettet frå hausten 2016. Styreleiar i FIN sit i referansegruppa til subseastudiet.

FIN gav kr 20.000 til sosiale tiltak for dei nye subseastudentane hausten 2014. Dette gjorde til at dei fekk lære Flora betre å kjenne på fleire område.

FIN har delteke i arbeidet for å få lagt andre nye høgskulestudium til Florø, og støtte opp om det offensive arbeidet som Folkeuniversitetet gjer lokalt. Mellom anna med eit nystarta årsstudium i petroleumslogistikk i samarbeid med høgskulen i Molde.

Regionalt samarbeid
Sunnfjord Næringsråd er eit viktig samarbeidsorgan for næringsorganisasjonane i Flora, Førde og Bremanger, og er ein paraplyorganisasjon for desse. Siv Merete Stadheim frå FIN er nestleiar i Sunnfjord Næringsråd, og Bjørn Hollevik er styremedlem frå FIN.

Reidar Sandal har vore dagleg leiar i Sunnfjord Næringsråd fram til oktober 2014. Stillinga var finansiert gjennom prosjektarbeid. 20 % av arbeidstida har han vore engasjert i arbeid for Sunnfjord Næringsråd. Resten av tida (80 %) har han vore utleigd til å jobbe med det fylkesomfattande prosjektet Kompetansebygging, utvikling og rekruttering, som Sunnfjord Næringsråd er medeigar i. Dette prosjektet var ferdig ved årsskiftet. Grunna manglande vidare finansiering av dagleg leiar funksjonen vert vidare arbeid av Sunnfjord Næringsråd handtert av styret.

Når det gjeld Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane har FIN vore med sidan det vart etablert. Selskapet vart avvikla i 2014, og aksjekapitalen til FIN på kr 56.000 er dermed nedskriven til kr 0, noko som går fram av årsrekneskapet for 2014.

Tema på styremøta 2014

– Tampen til Florø

– Lufthamnkonferanse

– PetroFlora

– Bedriftsnettverket

– Sunnfjord næringsråd

– Anbodsgrunnlaget for nye flyruter

6 frukostmøter i 2014, i regi av Fram Flora og FIN.

Julemøte 4. des.:

Tema: Muligheiter i SUBSEA og Supply Chain Network/Maritim Forening

Organisering
Kinn Regnskap AS har også i 2014 vore forretningsførar for FIN.

A til Å v/ Anita Øygard har vore engasjert for å utføre sekretærfunksjonen i FIN, fom. februar 2014 – etter ei overgangsordning med Magnus Helge Torvanger.

Medlemsutvikling
FIN hadde 75 medlemsbedrifter pr. 31.12. 2014. Dette er det høgaste medlemstalet nokonsinne. Det er kome til 3 nye medlemmer siste året (Hole Glass, iVest Consult og SVS&Best Invest).

Møteaktivitet
Foreininga har hatt fire styremøte i løpet av dette arbeidsåret. Representantar frå Fram Flora har deltatt på nokre av styremøta.

20. oktober var FIN vertskap for 6 byråkratar frå Nærings- og Fiskeridepartementet som skulle gjere seg kjent med kva «som rører seg» rundt om i landet. NFD ut i landet 2014, er eit prosjekt der byråkratane skal ut å besøke ulike bedrifter i heile landet. Departementet valde å vitje stader med næringsliv som har fokus på bærekraft, innovasjon og internasjonalisering. I Florø var det lagt opp eit stramt program, spekka av bedriftsbesøk, frå dei landa i Florø og til flyet gjekk tilbake til Oslo. Delegasjonen starta i flytårnet hos Avinor. Vidare var det omvisning hos Ewos, Nortekstil, Westcon, INC, Ramco, Sunnfjord Rensefisk og Kinn Bryggeri.

4. desember arrangerte FIN julemøte for medlemmer og gjester i samarbeid med Norsk Petroleumsforening. Møtet samla rundt 60 personar. Julemøtet starta med innlegg frå NCE Subsea ved Trond Strømgren, og Beate Grønnevik som er leverandørutviklar i Maritim Forening.

Styreleiar i FIN har delteke på fleire konferansar og møter i 2014; Vestlandskonferansen i Bergen, Karrieremessa til Framtidsfylket i Bergen, Akvakultur og teknologimessa i Florø, Vekst i Vest i Florø og Stad Skipstunnelkonferansen Bergen – Ålesund. Styreleiar i FIN var også invitert til 25-års jubileet til EWOS i Florø, der han heldt helsingstale og overrekte ei gåve til jubilanten.

Fram Flora har i 2014 starta månadlege frukostmøte for næringslivet. Her har det vore godt frammøte, og FIN har støtta heilhjarta opp om tiltaket.