Merknad/innspel til PlanID 20220102 – detaljregulering for Måsholmen – Håskjera

Sendt til Kinn kommune 22. mars 2024

Til Kinn kommune

Høyringsuttale frå Flora Industri- og Næringsforening (FIN) m/ vedlegg 1 og 2
PlanID 20220102 – «detaljregulering for Måsholmen – Håskjera»

HISTORISK BAKTEPPE

Industriområdet til fiskerinæring i Gunhildvågen starta med utbygging av sildeoljefabrikken på 50-talet, og vart snart ein viktig arbeidsarena for mottak av dei rike fiskeria utanfor kysten vår. Etter at fiskeria avtok, fekk området nytt oppsving med Ewos si etablering av fôrfabrikk tidleg på 90-talet.

Ewos er i dag eigd av eit av verdas største privateigde selskap – Cargill – som har ein stor og moderne fabrikk med 100 tilsette i tillegg til mange lokale sesongarbeidarar. Mange av industribedriftene i Florø  er faste leverandørar til fabrikken. Området er fullt utnytta og skal Cargill handtere den framtidige kraftige veksten i havbruksnæringa, treng dei betydeleg meir areal. Det same gjeld for den andre store aktøren i Gunhildvågen – Global – med deira mottak av pelagisk fisk. Dei har utnytta arealet maksimalt, og den siste utbygginga av frysearealet er allereie for liten.

NY SATSING I GUNHILDVÅGEN OG MÅSHOLMEN

Begge desse aktørane – Cargill og Global – er medlemmar i FIN, og peikar på at dersom dei skal kunne utvikle seg og vekse i Florø så treng dei meir areal. Dette har FIN spelt inn til kommunen i fleire rundar, og seinast med uttale til «Kommunedelplan for Florelandet Brandsøy» i februar 2020 (vedl.1) og «Samfunnsdelen til kommuneplanen 2020-2032» i november 2020 (vedl.2).

Etter at arealet nord for Gunhildvågen (Flateneset) – for vel 10 år sidan – vart omgjort frå industriområde til LNF er einaste moglege løysinga for industrien å sjå vestover. FIN har også over mange år peika på området vest for næringsarealet i Gunhildvågen som naturleg plassering av konteinarhamn. Dette fordi over 90% av konteinarhandteringa over hamn i Florø har utgangspunkt i verksemdene i Gunhildvågen. Ein annan positiv sideeffekt av flytting til Gunhildvågen er å flytte tungtrafikken vekk frå sentrumsområde.

Ei utbygging vestover til Måsholmen løyser såleis to utfordringar:

  • Auka næringsareal og vekstmoglegheit for dagens aktørar i Gunhildvågen.
  • Sterk reduksjon av konteinertrafikken gjennom sentrum.

Dessutan vil den korte avstanden frå skipsleia til industriområdet styrke Florø sin posisjon som marint og maritimt senter mellom Bergen og Ålesund. Det er viktig at det blir fatta eit positivt vedtak om dette snarast, slik at verksemdene får føreseielege rammer for vidare utvikling i Florø.

Florø 22.3.2024

Bjørn Hollevik
Leiar FIN

Måsholmen plankart Kinn kommune