FOT-ruter

Få på plass FOT-ruter i Florø no!

FIN har (17. august 2017) sendt ut ei pressemelding om rapporten som Møreforsking har utarbeidd – om konsekvensane av kommersialiseringa av flytilbodet ved Flora Lufthamn:

Få på plass FOT-ruter i Florø no

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) har i regi av Møreforskning fått utarbeidd ein rapport som har sett på konsekvensar av kommersialiseringa av flytilbodet ved Flora Lufthamn frå 1. mai 2016. Flora kommune har vore med å finansiere rapporten.

Næringslivet i Flora og i nedslagsfeltet til Flora Lufthamn har opplevd eit dårlegare flytilbod etter kommersialiseringa frå 1. mai 2016. Prisane gjekk kraftig opp, ruteproduksjonen gjekk mykje ned og tilbodet på kveld/helg vart teke vekk. Ei svekking av flytilbodet er ei svekking av rammevilkåra for eit næringsliv i ein krevjande omstillingsprosess.

Rapporten frå Møreforsking er no klar (sjå vedlegg) og den har gjort fleire funn. Dei viktigaste momenta vi vil trekke fram er:

  • Tilbodet er blitt dårlegare grunna kraftig prisauke (25-40 %) og nedgang i ruteproduksjon (20 %). Dette gir eit samfunnstap i regionen på 7-8 millionar og ein fordelingseffekt frå passasjerane til flyselskapet på 40-60 millionar.
  • Trafikken er så låg at det ikkje er grunnlag for meir enn ein flyaktør.
  • FOT-ruter i Florø treng ikkje høge statlege tilskot.
  • Det er ikkje formelle hindringar for å legge Florø inn under FOT-rutesystemet , og dette kan gjerast uavhengig av dei andre FOT-rute flyplassane.

Funna i rapporten dokumenterer svekking av rammevilkåra til næringslivet i regionen som følgje av kommersialiseringa, og den er tydeleg på at det berre er eit politisk vedtak som kan få FOT-rutene på plass igjen i Florø, og dette kan gjerast allereie no.

FIN si utfordring til det politiske miljøet er difor:

Få på plass eit vedtak om å innføre FOT-ruteordninga, med definerte maks-prisar og rutefrekvens som gagnar næringslivet og lokalsamfunnet. Dette kan gjerast allereie i haustens statsbudsjett. Oppstart av FOT-rute kan dermed vere på plass i løpet av våren 2018.



For meir info ta kontakt med:

Bjørn Hollevik (leiar FIN)
E: bjorn.erik.hollevik@sfj.no
T: 913 81 879

Gustav Johan Nydal (styremedlem FIN)
E: GJN@polarny.no
T: 481 67 891


 Last ned og les rapporten frå Møreforsking:

Flyrapport


Sjå kva media skriv om denne saka:

NRK S&Fj

Firdaposten

Firda