Gründersamling 12. mars
Fram Flora inviterer til gründersamling på Comfort Hotel torsdag 12. mars kl 17.00
Tema: Korleis få høg merksemd på lågbudsjett med content marketing (innhaldsutvikling).
Vi får besøk av Spoon Norges Agency Director Fredrik Østbye, som skal halde eit minikurs i Content Marketing – for å gjere deg og di verksemd betre rusta til å drive kostnadseffektiv marknadsføring!
Fredrik starta det fyrste facebook-byrået i Norge og er kjend som ein av dei mest profilerte rådgjevarane innan sosiale medier i Norge. Som kreativ har han vunnet Gulltaggen, samt Eurobest og ein internasjonal HSMAI-pris. Han har jobba med kundar som Telenor, Scandic, VisitDenmark, Renault og Staples.
Program:
17:00 Samlinga tek til på Comfort Hotel Florø
17:30 Velkommen ved Fram Flora
17:40 Tema ved Fredrik Østbye, Spoon Agency
18:40 Tapas og mingling
Samlinga er gratis!