Kinn Arkitekter er blitt ein del av iVest Consult

iVest Consult med arkitektavdeling

Frå 1. februar 2015 blir iVest Consult utvida med eiga arkitektavdeling. Kinn Arkitekter – med arkitekt Rune Melvær og ingeniør Atle Halsnes – blir ein del av iVest Consult. Kinn Arkitekter har vore samlokalisert med iVest Consult i Horne Brygge / Strandgata 15, og vil ha same kontorstad som i dag.

iVest Consult utfører fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, vassdragsteknikk, miljø og energi. Frå og med 1. februar blir dei 26 tilsette i selskapet.

Med ny arkitektavdeling og nye dyktige medarbeidarar kan iVest Consult tilby eit endå breiare tilbod av tenester. iVest Consult tek på seg små og store oppdrag i fylket og heile landet.