Julemøte FIN 2017

Julemøte torsdag 14. desember

Saman med Norsk Petroleumsforening avd. SFJ inviterer Flora Industri- og Næringsforening torsdag 14. desember kl 19.00 til felles julemøte på Quality hotell i Florø.

Møtet startar med fagleg program: 

Geir Johannessen, administreranden direktør i INC Invest AS, vil orientere om status for utviding av Fjord base og om vidare planar for bruken av området, deriblant dei spanande planane om eit grønt cluster. Han vil også gå nærare inn på den nyvunne kontrakten med seismikkselskapet PGS https://www.pgs.com/about-us/ og kva dette vil/kan innebere for regionen med tanke på aktivitet og etterspurnad etter varer og tenester.
Etter presentasjonen blir det julematbuffet etter tradisjonell lest.

Vi ber om påmelding snarast mogleg og seinast 12. desember. De må der opplyse om de ønskjer servering eller ikkje. Denne er gratis for dei som representerer medlemsverksemder i FIN og/eller er personlege medlemer i NPF. For andre/ikkje-medlemer kostar servering 500 kr.

Ikkje-medlemer som melder seg inn i NPF/FIN før møtet, vil sleppe dette og difor i praksis få kraftig rabattert kontingent.  NPF medlemskap: https://www.npf.no/medlemsfordeler/category174.html  FIN medlemskap: www.florain.no

Påmelding julemøte:  https://sfj.pameldingssystem.no/julemote-2017#/form

Etter vellukka påmelding vil de få ei stadfesting per e-post sendt frå «Sogn og Fjordane fylkeskommune (pameldingssystem).Om de seinare vil melde dykk av eller endre noko, er det fint om de kan gjere det ved å følgje lenka i den e-posten.