Tord Lien og Bjørn Hollevik under opninga av Knarr-feltet

Ministeren opna Knarrfeltet

Olje- og energiminister Tord Lien var måndag 4. mai på rundreise i Gloppen og Flora. Leiar i FIN – Bjørn Hollevik – var i lag med følgjet på bedriftsbesøka i Flora, der dei var innom Westcon Yards, Saga Fjordbase og ikkje minst BG. Tord Lien stod for den offisielle opninga av Knarrfeltet til BG.

– Det er den første plattforma som er drive av BG på norsk sokkel. Det er ein installasjon som vil skape store verdiar for Norge og ikkje minst varig sysselsetting her i Sogn og Fjordane, seier Olje- og energiminister Tord Lien (Frp), til NRK. Les meir på nettsida til NRK Sogn og Fjordane.

– Det er olje og gass som har skapt den økonomien og velstanden vi har i Norge i dag. Opninga av Knarr viser at eventyret vil forrette, sa Lien. Les meir på nettsida til Firdaposten.