sf fylke

Næringslivet vil ha kystkommune

Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora er den naturlege eininga på kysten, meiner eit samla næringsliv – etter eit felles møte i Kalvåg måndag 9. januar.

Kva må til for å få ei vellukka samanslåing:

  1. Nær ein fjerdedel av innbyggartalet i Sogn og Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. Også i ei eventuelt ny og større fylkessamanslåing på kysten.
  2. Ei samla satsing på Florø Lufthamn vil sikre den nye kommunen eit framtidsretta tilbod med god regularitet.
  3. Ei felles satsing på Stad Skipstunnel sikrar vidareutvikling av nye næringar frå Florø til Ålesund.
  4. Ei felles satsing på 45-minuttsregionen vil sikre gode kommunikasjonar internt i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion.
  5. Næringslivet er trygge på at dei, gjennom eit felles utviklingsselskap, kan skape nye arbeidsplassar meir effektivt utan avgrensingane som ligg i dei gamle kommunegrensene.
  6. Næringslivsgrupperinga legg til grunn at ei ny stor kystkommune i økonomisk vekst, skal ha ein slagkraftig offentleg sektor med eit styrka lokalt tilbod innan helse/omsorg og utdanning.
  7. Ei ny storkommune, som skapar store verdiar for fellesskapet frå moglegheitene som ligg i havrommet, vil stille sterkt i framtidig fordeling av relevante statlege arbeidsplassar.

Les meir om næringslivet sitt ønskje om kystkommune:

FIRDA 9. januar

FIRDAPOSTEN 9. januar

NRK SFJ 9. januar