Florø Lufthamn - FIN

Nei til kommersialisering av lufthamna

– Kommersialisering av flyrutene til Florø er ei giftpille, seier næringslivsaktørar på kysten. Dei krev at politikarane vaknar og pressar regjeringa til først å endre vedtaket og så presse prisane ned.

Næringslivsaktørar i Florø orkar ikkje sitte stille og sjå på dei endringane som ei kommersialisering av Florø lufthamn ligg an til å føre med seg: reduserte rutetilbod og dyrare billettar.

– Vi krev at regjeringa snur og tekk inn over seg konsekvensane dette vil få. Dei trudde nok at kommersialisering ville gje eit betre tilbod, men no som fasiten ligg føre må dei ta det innover seg, seier Leif Belsvik, konsernleiar i Nor Tekstil

Saman med Mikael Johansen i Westcon Florø, Ingrid Kassen i Norwell og Geir Johannessen i INC krev han at lokale politikarar engasjerer seg.

Les heile artikkelen i Firda 10.12.2015 (krev innlogging)

 

Kommersialisering av flyplassen

  • Samferdsledepartemenetet har vedteke at det skal vere fri konkurranse på rutene til og frå Florø frå 1. april 2016.
  • Då fell den statlege støtta vekk. Det gjer også krav til frekvens og ruteføring.
  • Fylkesrådmannen, næringslivsaktørar og representantar for regjerings- og støttepartia i fylket er blant kritikarane.