Omvisning på el-ferja Eidsfjord

Fredag 8. februar inviterte FIN, i samarbeid med Fjord1, medlemsbedriftene sine til omvisning på el-ferja Eidsfjord. Ferja som tidlegare i veka kom frå verftet Tersan i Tyrkia, har vore gjennom ein del oppgraderingar / vedlikehald i Florø. Seinare på dagen reiste ferja vidare til Gloppen, der den saman med MF Gloppefjord skal gå i ruta Anda – Lote. Skipper Kjell Inge Mundal viste dei 25 frammøtte rundt på den imponerande båten, frå brua til batteri/motor-rommet.

Ferja er designa av Førde-firmaet Multi Maritime, og West-Mekan på Nordfjordeid har levert passasjerstolane. Fleire lokale Florø-firma – mellom andre Sigurd Solberg – har vore involverte i siste pussen i Florø denne veka. Med på omvisninga var fleire representantar frå Florø-firmaet iVest Consult. Dei har ansvaret for alt som har med ladestasjonane på land å gjere – frå planlegging til gjennomføring.

Skipper Mundal kunne fortelle at båten er utstyrt med to sett batteri og to sett dieselmotorar, slik at den i første omgang skal gå som hybrid. På sikt skal ferja berre bruke energi frå batteria. Etterkvart satsar ein på å få på plass autopass-billettering. Eidsfjord vil bruke 10 minutt på å lade batteria, og då kan den gå i ca 3 timar. Nå energinivået er på 40% vil hjelpemotorane som går på diesel kople seg inn. Ferja vil legge til kai ved hjelp av eit sugekoppsystem.

El-ferja Eidsfjord har plass til 120 bilar og det største tillate passasjertal om bord er 349.