Denne personvernerklæringa fortel korleis FLORA INDUSTRI- OG NÆRINGSFORENING som behandlingsansvarleg samlar inn og brukar personopplysningar.
Adressa vår:
c/o Kinn Regnskap AS, Postboks 301, 6902 FLORØ – org.nr 984 889 399
Erklæringa gjeld for følgjande: www.florain.no
FLORA INDUSTRI- OG NÆRINGSFORENING, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.
Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Vår databehandlar på denne nettstaden er
Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.
Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det
Vi tar personvernet ditt på alvor og ønsker å informere deg om at nettsida vår ikkje nyttar informasjonskapslar (cookies) for å samle inn eller lagre personopplysingar. Vi samlar ikkje inn data om nettlesarhistorikken din eller brukaråtferd, og vi delar ikkje informasjon med tredjepartar. All informasjon som du eventuelt gir oss, vil bli behandla konfidensielt og berre nyttast til dei formåla som er spesifisert i personvernserklæringa vår. Vi er forplikta til å beskytte ditt personvern og sikre at opplysingane dine held fram med å vere trygge.
Skjema
Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra bak innlogging på nettstaden, og er tilgjengeleg for administrator og vår dataleverandør, i tillegg til at opplysningane vert sendt oss på epost. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema sidan eposten med dataene vert sendt ukryptert. Vi lagrar opplysningane i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.
Innebygd innhald frå andre nettstadar
Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medier osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.
Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.
Når samlar tredjepartsaktørar inn opplysingar om deg?
Når du klikker på lenker som sender deg videre til en annen nettside, er det den aktuelle nettsiden sin personvernerklæring som gjelder. Personopplysninger som eventuelt blir samla inn då, behandlar ikkje vi.
Kven vi deler opplysningane dine med
Viss du fyller ut skjema på nettstaden vert dataene du fyller inn, saman med tidspunkt og IP-adresse sendt til oss på epost, i tillegg til at dei vert lagra bak kryptert pålogging i skjemaverktøyet vårt.
Data som vert sendt inn via skjema på ei av desse tenestene vert lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.
Kor lenge vi lagrar opplysningane dine
Viss du kommenterer eit innlegg, blir kommentaren og opplysningane om han lagra. Det er fordi vi skal kunne kjenne att og godkjenne oppfølgingskommentarar automatisk i staden for å halde dei i kø for godkjenning.
Vi lagrar opplysningar om brukarane som registrerer seg her, t.d. alle som har tilgang til å redigere innhald på nettstaden, så lenge som dei sjølve ønskjer å ha brukartilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette personopplysningane sine når som helst, men dei kan ikkje endre brukarnamn. Styrarar på nettstaden kan òg sjå og endre desse opplysningane.
Viss du har sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, så lagrar vi opplysningane så lenge som naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønskjer å behalde dataene også etter at vi er ferdige med å vere leverandør, eller behandlar førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.
Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss.