Årsmøte i Flora Industri- og Næringsforening

19. mars 2026 Scandic Victoria Hotell, 38 personar møtte fram

PROTOKOLL 

Link til PDF


  1. Opning ved leiar i FIN, Tor Førde
    Sakliste og innkalling vart godkjent.
  2. Val av møteleiar
    Tor Førde vart vald.
  3. Val av sekretær
    Maria Hunvik vart vald.
  4. Val av to representantar til å skrive under protokollen.
    Ole Schanke Eikum og Ola Teigen vart valde.
  5. Årsmelding for 2025
    Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
  6. Driftstilskot 2026
    Framlegg KPI-justering av driftstilskot er godkjent, med start frå i år.
  7. Styrehonorar 2026
    Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
  8. Rekneskap for 2024 og budsjett 2025
    Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskap og gjekk for alternativ 2 med arbeidande ressurs i FIN.
  9. Arbeidsprogram for 2025
    Gjennom ei Menti-undersøking kom medlemmane med innspel på ulike spørsmål. Flora Industri- og Næringsforening forbindast med samarbeid, møteplass og nettverk, eit talerør for næringslivet, påvirkning, utvikling, politikk og industri. Den klart største utfordringa for medlemmane framover er rekruttering og sikring av rett kompetanse. Kraft, geopolitikk og regulering er også utfordringar som pregar medlemsmassen. På den andre sida ser medlemmar teknologiutvikling, nye tenester, investering, AI og automatisering og berekraftig omstilling som moglegheiter framover.

    Medlemmane meiner at aktivitetar som synlighet og politisk påvirkning lokalt, nettverksbygging og samarbeid er dei viktigaste områda for FIN framover. Dei ønsker faglige samlingar og sosiale arrangement som til dømes . FIN bør og sette av midlar til ein arbeidande ressurs for betre måloppnåing.

  10. Val av styre
    Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Bjørn Hollevik, og vedteken slik den låg føre.

    Styreleiar                                     Tor Førde, K. Jansen (leiar, for eit år)
    Styremedlem                              Linn Theres Nekkøy, Aksello (nestleiar, for to år)
    Styremedlem                              Tore Nyttingnes, Fokus Elektro (attval, for to år)
    Styremedlem                              Ninja Tolo Ness, Westcon (ikkje på val)
    Styremedlem                              Andreas Grøneng, Consto (ikkje på val)
    Varamedlem                               Aina-Elin Karlsen Lavik, Cargill (ny, for 1 år)
    Varamedlem                               Cecilie Halvorsen, ECIT (attval, for 1 år)

  11. Val av valkomité
    Etter innstilling frå styret vart desse valde som valkomité:
    Ann-Kristin Strømmen, Marianne Ullaland Knapstad og Bjørn Hollevik.
  1. Benkeforslag
    Forslag frå Hallgeir Bruvik i Cedra om å bytte namn frå Flora Industri- og Næringsforening til Florø Industri- og Næringsforening. Forslaget blei enstemmig vedtatt.

Temamøte etter årsmøte:

  • Den nye verftsleiaren Even Rønnekleiv orienterte om sin bakgrunn frå bransjen og kva moglegheiter som ligg der framme for både verftet og byen.
  • Utdanningsmedlemmane Øystein Stavø-Høvig og Knut Clausen orienterte om korleis utdanningsmarknaden ser ut framover. Kva linjer søker elevar i regionen seg inn på og korleis kan vi sikre eit godt utdanningstilbod i Florø framover.