PROTOKOLL
Link til PDF
- Opning ved leiar i FIN, Tor Førde
Sakliste og innkalling vart godkjent.
- Val av møteleiar
Tor Førde vart vald.
- Val av sekretær
Maria Hunvik vart vald.
- Val av to representantar til å skrive under protokollen.
Trond Økland og Jane Berg Solheim vart valde.
- Årsmelding for 2024
Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
- Driftstilskot 2025
Framlegg om auke av driftstilskot på 20% er godkjent. Driftstilskot har ikkje blitt endra på 20 år.
- Styrehonorar 2025
Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
- Rekneskap for 2024 og budsjett 2025
Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskap og alternativt budsjett, med ei endring i posten «andre utgifter» frå 35.000 til 100.000.
- Arbeidsprogram for 2025
På årets generalforsamling blei det ikkje innspel til arbeidsprogram. Styret er i gang med ein strategiprosess, som vil forme ein konkret og langsiktig handlingsplan og skal i større grad systematisere den jobben FIN gjer.
- Val av styre
Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Ann Kristin Strømmen, og vedteken slik den låg føre.
Styreleiar Tor Førde, K. Jansen (leiar, ikkje på val)
Styremedlem Linn Theres Nekkøy, Aksello (nestleiar, ikkje på val)
Styremedlem Tore Nyttingnes, Fokus Elektro (ikkje på val)
Styremedlem Ninja Tolo Ness, Westcon (ny, for 2 år)
Styremedlem Andreas Grøneng, Consto (ny, for 2 år)
Varamedlem Lone Bareksten, SPV (attval, vald for 1 år)
Varamedlem Cecilie Halvorsen, ECIT (ny, vald for 1 år)
- Val av valkomité
Etter innstilling frå styret vart desse valde som valkomité:
Ann-Kristin Strømmen, Marianne Ullaland Knapstad og Bjørn Hollevik.
Temamøte etter årsmøte:
- Linn Theres Nekkøy orienterte om prosjektet «Grøn Hub Florø», som skal jobbe med å legge til rette for at verksemder innan havnæringa skal lykkast i det grøne skiftet. Prosjektet skal sjå på tiltak som sikrar tilgang til kritisk infrastruktur og implementering av nye energiformer.
- Morten Mortensen holdt ein presentasjon om ringverknadar og moglegheiter med forsvarskontrakt. Westcon er sikra høg aktivitet og arbeid med forsvaret fram til 2040. Korleis kan andre ta del i dette eventyret, og ikkje minst sjå på det nytt og annleis blikk?
Maria Benæs Hunvik Trond Økland Jane Berg Solheim