Temamøte 2019

Ordførarkandidatane Kinn kommune – næringslivspolitikk

Kvar kandidat får ca 5 minutt – ordstyrer Svein Nødseth.

Tema som vi ynskjer at ordførarkandidatane skal belyse i innlegga sine er følgjande:

  • Vekst

    Korleis vil dykkar parti legge til rette for vekst i havbruksnæringa, petroleumsnæringa, grøn energi, fiskeri, maritim næring, landbruk, service og handel og anna næringsliv i heile kommunen.

  • Det grøne skiftet

    Korleis vil de at det grøne skiftet skal prege næringslivet.

  • Heile kommunen

    Korleis skal de som politikarar frå enten Vågsøy eller Flora gjere dykk kjende med og engasjere dykk i viktige saker og problemstillingar for næringslivet i den «andre» delen av kommunen.

  • "VI" haldning

    Kva skal til for å få til ei felles «Vi» haldning i Kinn kommune, for å unngå «oss i sør» mot «dei i nord» og omvendt?

  • Utfordring

    Kva meiner de er det viktigaste næringslivet i Kinn sjølve må ta tak i?

    Gje næringslivet ei utfordring!