Uttale FIN om regionale flyruter

Kommersialisering og FOT-ruter

Vi har motteke pressemelding frå Samferdselsdepartementet vedrørande utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør Noreg frå 1. april 2020.

I Flora Industri og Næringsforening har vi vore klare på at vi ville ha tilbake FOT ruter til Florø, og at vi ville ha same vilkår for flyruter til Florø som til Førde.

Vi er difor svært skuffa, både over at vi ikkje har fått FOT ruter tilbake, og at det ikkje er likebehandling av flyrutene til dei to flyplassane.

Det er uforståeleg at regjeringa vel å forskjellsbehandle flyrutene frå Oslo til Florø, og Oslo til Førde.

At Regjeringa vel å subsidiere flyrutene frå Oslo til Førde, som har 35 % større trafikk enn rutene frå Oslo til Florø som er kommersialiserte er hårreisande og vitnar om mangel på kunnskap og ei bevisst prioritering av Førde framfor Florø.

Det er også tydeleg at regjeringa vel å satse hardt på flyrutene til Førde med eit krav om ein årleg setekapasitet på 60000 seter kvar veg noko som betyr at ein i snitt må ha 5 daglege flygingar Oslo – Førde TR for å oppfylle dette kravet. Det er stilt krav om 3 daglege flygingar, men det er ikkje nok for å oppfylle setekravet.

Dette er ei subsidiering av næringslivet og dei reisande i Indre Sunnfjord framfor næringslivet og dei reisande på kysten noko som vi ikkje kan akseptere.