Victoriakrysset

Utbetring av «Victoriakrysset»

Flora Industri og Næringsforening har i dag sendt ut brev til politikarar og administrasjon i kommunen og til Statens Vegvesen, i tillegg til ei pressemelding:

Utbetring av «Victoriakrysset» må på plass no
Flora Industri og Næringsforening (FIN) ser at ein i samband med sluttføringa av Kinnvegen, i krysset Torggata / Markegata bør nytte høvet til å få trafikken her betre og tryggare. FIN ser det som avgjerande viktig å nytte høvet no til å gjere noko med trafikkbildet  i «Victoriakrysset». Dagens situasjon er at krysset er for trongt slik at store bilar må over i motsett køyrefelt for å komme gjennom krysset, slik at det stadig oppstår farlege situasjonar. Krysset er uoversiktleg og til tider kaotisk, med stor trafikk av både køyrande, syklande og ikkje minst gåande som kryssar gatene her.

FIN føreslår to enkle strakstiltak som vil betre trafikktryggleiken betrakteleg:

1.    Ein utvidar og drar ut krysset i inngangen til Markegata mot aust og vest.
2.    Intensiv belysning må på plass for å auke tryggleiken for alle som kryssar gatene her.

Desse to tiltaka meiner vi må setjast i gang no, når ein likevel jobbar i dette området. Det vil ha stor samfunnsnytte og vil lette trafikkgjennomføringa når ein på eit seinare tidspunkt skal fornye Markegata.

Oppslag i Firdaposten nett og papir 27. / 28. november