Studiekoordinator Øyvind Østrem

Høgskulebyen Florø har finansiert det 3. subseakullet

På frukostmøtet 5. februar innleia studiekoordinator Øyvind Østrem med å seie TAKK til Florasamfunnet. Han kunne fortelje at det 3. kullet på subseastudiet i kystbyen no er finansiert. Høgskulen i Bergen sette som krav at næringa skaffa fram midlar, og det er no i boks – takka vere eit spleiselag mellom Statoil og Fylkeskommunen sitt Gjøa-fond.

Øyvind Østrem retta ein stor takk til Fram Flora som har drive fram dette prosjektet, og som heilt frå starten av har vore svært aktive i arbeidet med å finansiere studiumet. Østrem meiner det no er vanskeleg å forvente meir av næringslivet. Hovudfokus framover blir å få drahjelp frå det politiske miljøet, slik at framtidige kull blir statleg finansiert.

Campus Flora ein del av Høgskulen i Bergen. Det ligg ein del usikkerheit i lufta med tanke på strukturendrinane i høgskule-/universitetsmiljøet. Regjeringa har uttrykt ønskje om større einingar, samtidig som ein kan ha spreidd undervisning. For Florø sin del er det viktig at Regjeringa seier at ein skal satse på ingeniørutdanning og at det skal satsast på utdanning der NCE subsea klyngene er plassert.

Status for subseautdanninga i høgskulebyen Florø:

  • 70 studentar i 2 kull, dvs. 100 studentar frå hausten 2015
  • 39 % av studentane frå Hordaland
  • 35 % av studentane frå 10 ulike kommunar i Sogn og Fjordane
  • 26 % av studentane frå resten av landet, mest sør-Norge
  • Lokale lærekrefter i tillegg til Høgskulen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Studentane rangerer kvalitet som viktigaste kriterium

Vi er spent på rekrutteringa framover, sa Østerem, og sikta til mykje negativ omtale av olje- og gassnæringa. – Vi legg vekt på at oljealderen lang frå er over, og at Norge er verdsleiande innan subsea. Det er subsea som er framtida i petroleumsnæringa, og den som er veks raskast. Dessutan er utdanninga her i Florø ei svært god generell ingeniørutdanning, som kan nyttast i mange fag. Østrem fortalde at dei er svært aktive og reiser på mange messer og skulebesøk for å promotere studiet og Flora. Han la vekt på at omdømmebygging er viktig for å få studentane til Florø, og at utanomfaglege tilbod og aktivitetar er viktig for Florø som studentby.