All rutereduskjon er negativt

– All rutereduksjon på Florø lufthamn er negativt. Vi i FIN er opptekne av eit generelt stabilt og godt tilbod ved Florø lufthamn heile veka gjennom. Føreseielegheit er avgjerande. Slik blir det ikkje no, seier Nydal.

Han ser også fleire problem med dei tre skisserte rutekutta: Det at Florø-Oslo klokka 09.25 blir lagt ned torsdag og fredag, skapar trøbbel spesielt for dei som bur nord for Florø. Denne ruta har så langt gjort at dei kan ta rutebåt eller ekspressbåten til Florø om morgonen som korresponderer med flyruta vidare.

– Og det at dei kuttar 22.00-flyet frå Bergen onsdag, torsdag og fredag gjer også det vanskelegare for oss å bruke Flesland flyplass som eit knutepunkt til og frå verda, seier Nydal.

For utan 22.00-flyet vil det siste flyet som går frå Bergen til Florø gå klokka 19.50. Kjem du flygande til Bergen etter det, kjem du deg altså ikkje vidare med fly til Florø den kvelden.

Les heile artikkelen i Firdaposten  17.2.2020