Torsdag 30. september gjekk årsmøtet i Flora Industri- og Næringsforening av stabelen på Svanøy Hovedgård. 28 personar møtte fram, og representerte medlemsbedriftene i FIN.
PROTOKOLL frå årsmøtet:
- Opning ved leiar i FIN, Bjørn Hollevik.
Sakliste og innkalling vart godkjent. Merknad om at årsmøte skulle vore gjennomført i siste halvdel av mars. Utsett pga. Covid.
- Val av møteleiar
Bjørn Hollevik vart vald.
- Val av sekretær
Anita Øygard vart vald.
- Val av to representantar til å skrive under protokollen.
Anders Lien og Jacob Nødseth vart valde.
- Årsmelding for 2020 / første halvdel 2021
Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
- Driftstilskot 2021
Framlegget om vidareføring av dagens driftstilskot vart godkjent.
- Styrehonorar 2021
Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
- Rekneskap for 2020 og budsjett 2021
Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskapen. Styret får i oppdrag til neste årsmøte å komme med forslag til korleis ein kan forvalte pengane ein har i banken – om eventuelt delar av dei skal plasserast på fond.
- Arbeidsprogram for 2021
Styret hadde i si innkalling oppfordra årsmøtet til å komme med innspel til arbeidsprogram. Det nye styret i FIN skal utforme arbeidsprogrammet og publisere det på nettsida.
Årsmøtet hadde følgjande innspel til arbeidsprogram:
- Nyrekruttering til FIN er framleis viktig, og arbeidet vil vere lettare etter at covidrestriksjonane er fjerna.
- Jobbe med å få ned nettleiga for bedriftene er stadig aktuelt, likeeins å sikre nok kapasitet og grønn energi til Florø. FIN bør arrangere eit ope møte om dette, der SFE / Linja deltek.
- Samarabeide og ha felles samlingar med Måløy Vekst og Førde Industri og Næringssamskipnad må prioriterast.
- Næringsareal er eit av grunnlaga FIN er tufta på, som ein må ha sterkt fokus på.
- Flyrutene må følgast opp, og FIN må ha løpande kontakt med DAT om rutene, men også tida ein må bruke for bagasjehandtering og bestillingsrutinar m.m. Årsmøtet vart oppfordra til å spele inn konkrete ønskjer rundt flyrutene/reise/billettering m.m. til leiar i FIN, før møtet med DAT 25.10.21
- Sjå på moglegheitene for ein utdanningshub i Florø i samarbeid med utdanningsinstitusjonar.