FIN

Årsmøteprotokoll 2020

Digitalt årsmøte i Flora Industri- og Næringsforening 14. mai 2020
16 personar logga seg inn på møtet via Teams.

PROTOKOLL

  1. Opning ved leiar i FIN, Gustav Johan Nydal.
    Sakliste og innkalling vart godkjent.
  2. Val av møteleiar
    Gustav Johan Nydal vart vald.
  3. Val av sekretær
    Anita Øygard vart vald.
  4. Val av to representantar til å skrive under protokollen.
    Leif Belsvik og Janicke Svendal vart valde.
  5. Årsmelding for 2019
    Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
  6. Driftstilskot 2020
    Framlegget om vidareføring av dagens driftstilskot vart godkjent.
  7. Styrehonorar 2020
    Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
  8. Rekneskap for 2019 og budsjett 2020
    Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskapen.
  9. Arbeidsprogram for 2020
    Styret hadde i si innkalling oppfordra årsmøtet til å komme med innspel til arbeidsprogram. Det nye styret i FIN skal utforme arbeidsprogrammet og publisere det på nettsida.
    Årsmøtet hadde følgjande innspel til arbeidsprogram:
  • Nyrekruttering til FIN er viktig. Meir relevant for dei ein vil påverke om ein er fleire. Det er fleire nye teknologibedrifter som har etablert seg i Florø, som er aktuelle kandidatar.
  • Jobbe med å få ned nettleiga for bedriftene. Forslag om å invitere SFE til eit medlemsmøte (skulle vore med på årsmøtet).
  • Vassavgifta i kommunen. Høyringsfristen er utgått, men styret må sende uttale til gruppeleiarane / det politiske miljøet før vedtak i kommunestyret. Styret må involvere medlemmar i dette arbeidet.
  • Samarabeide og ha felles samlingar med Måløy Vekst, Førde Industri og Næringssamskipnad og Bremanger Næringsforening.
  • Vere synlege og bruke media aktivt.
  • Trafikkproblema i sentrum, næringsareal og flyruter er stadig like aktuelt for FIN-medlemmane.

10.  Val av styre
Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Siv Merete Stadheim, og vedteken slik den låg føre.

Nytt styre FIN 2020:
Leiar                          Bjørn Hollevik (ny) vald for 1 år
Nestleiar                    Roald Førde (ikkje på val)
Styremedlem            Thor Arne Ullaland (attval) vald for 2 år
Styremedlem            Marianne Ullaland Knapstad (attval) vald for 2 år
Styremedlem            Kristin Bergstøl Hansen (ikkje på val)
Varamedlem             Svein Nødseth (attval) vald for 1 år
Varamedlem             Albert Frøyen (ny) vald for 1 år

11.  Val av valkomité
Etter innstilling, vart Siv Merete Stadheim (attval), Kjetil Søvik (attval) og Gustav Johan Nydal (ny) valde for 1 år. Valkomitéen konstituerer seg sjølv.

Anita Øygard                                   Leif Belsvik                                       Janicke Svendal