Bedriftsbesøk i Svelgen

Elkem Bremanger og Steinvik Fiskefarm – 12. juni 2019

Elkem Bremanger

Administrerande direktør i Elkem Bremanger, Arne Werge-Olsen, tok i mot 13 busskøyrande FIN-medlemmer i porten til verket onsdag ettermiddag. Vi blei køyrt rundt på området og fekk ei grundig innføring i både produksjonen og ikkje minst i utbyggingane og endringane som skjer på smelteverket.

Elkem Bremanger har satsa stort på HMS, ved innføring av tiltak som gjer det lettare å unngå uhell. Det er alt frå å legge til rette for betre parkering, gangveger inne på område og ikkje minst det å vedlikeholde og fikse opp gamle bygningar. Verftsdirektøren la vekt på det haldningsskapane arbeidet og viste fram eit industriområde som var i stor endring, frå å vere rufsete og rotete til å framstå med flotte naturmurar og nybygg under arbeid.

Framover skal det skje store utbyggingar og Elkem gjer tunge investeringar for framtida. Mange lokale firma, frå mellom anna Flora, har og vil ha mykje folk i arbeid i Svelgen framover.

FIN på bedriftsbesøk hos Elkem Bremanger

Steinvik Fiskefarm

Teknisk leiar i Steinvik Fiskefarm, Bjarte Steinhovden og gründer Inge Helge Vassbotten, møtte FIN medlemmane på Bremanger Fjordhotell. Der fekk vi ei god innføringa i deira satsing i Svelgen. Rensefiskanlegget i Breivika er i god drift. Byggesteg nummer 1 er godt i gang og her skal det bli eit unikt produksjonslokale for rognkjeks og laksesmolt – under same tak.

Budsjettet for første byggesteg er på rundt 300 millionar. Her skal det byggast 3 lukka avdelingar for laksesmolten, som kjem som 10 grams fisk frå Barlindbotnen. Smolten skal bli rundt 400 gram før den blir frakta ut i sjøanlegga. Allereie no blir det lagt til rette for byggesteg nummer 2, der postsmolten kan bli opp mot 1 kilo før utsett.

Gjenbruksgraden på vatnet blir svært høg, og miljø og fiskevelferd står i høgsetet i denne utbygginga. Energien kjem frå Elkem, ferksvatn frå Risevatnet og sjøvatn frå Nordgulefjorden.

FIN på bedriftsbesøk til Steinvik Fiskefarm i Svelgen

Bremanger Fjordhotell

Eit innhaldsrikt og nyttig bedriftsbesøk vart avslutta med middag på Bremanger Fjordhotell, i lag med vertskapet i Svelgen. Dei 13 FIN-medlemmane returnerte til Florø med buss, på bilde representert ved f.v. Malvin Horne frå A til Å, Arne Varden, bedriftsrådgjevar NAV og Gustav Johan Nydal frå Polarny og leiar FIN.

FIN på bedriftsbesøk - NAVPOLITI :)