Flyprisane virkar konkurrandsvridande

Wintershall flyr frå Bergen. Firdaposten 12.8.2019

– Hovudårsaka til at det blir flydd til West Mira frå Bergen, er at helikoptertransporten blir samkøyrd med flygingane vi allereie har til Brage-plattforma. Prisnivået til og frå Florø har vore ein faktor i vurderingane, men det har ikkje vore avgjerande i denne saka, strekar Hjertvik under.

– Generelt er flyprisane til og frå Florø for høge, og dette kan verke konkurransevridande, seier leiar Gustav Johan Nydal i Flora Industri- og Næringsforening:

– Rutetilbodet til og frå lufthamna er byrja bli bra, men prisen er ei utfordring som det må jobbast systematisk med. Vi må legge press på styremaktene med tanke på framtidige utlysingar og konsesjonar, men så må vi også jobbe opp mot Widerøe og prispolitikken deira. Mend et er klart negativt at prisnivået påverkar slike avgjerder, seier Nydal.