FIN går for KINN

Pressemelding frå FIN
29. juli 2022

Bjørn Hollevik
Styreleiar Florø Industri- og Næringsforening

Den gong, som no, kunne vi tenkt oss Bremanger med på laget for å syne fram ein kraftfull kommune på kysten av Vestland. FIN håpar at politikarane i Kinn og Bremanger ikkje lukkar att døra for dette ein gong i framtida.

Men no handlar det om å utvikle og bygge Kinn for framtida. For næringslivet i Florø er Kinn kommune, og vil vere, den viktigaste serviceaktøren. Kommunen sine primæroppgåver:

– Oppvekst med barnehage, skule og kultursatsingar

– Helse og omsorg frå vogge til grav

– Samfunnsutvikling med med planarbeid som kommuneplan og arealreguleringar

Verksemdene våre er avhengige av ein kommune som er kompetent, kapabel og synleg i utføringa av desse primæroppgåvene. Kinn vil score høgare på alle desse tre faktorane fordi ein allsidig kommune med vel 17.000 innbyggarar er meir synleg enn ein kommune med knapt 12.000 innbyggarar:

Ein vil lettare rekruttere dei beste kandidatane til sterke og kapable fagmiljø i kommunen, og Kinn vil òg vere meir synleg på regionale, nasjonale og internasjonale arenaer. Og kommunen treng påfyll av flinke medarbeidarar for å utføre primæroppgåvene som blir meir og meir utfordrande og komplekse, uansett om kommunen er liten eller stor.

Leverer kommunen godt på barnehagedekning, gode skuleresultat og eit godt primærhelsetilbod, lettar det verksemdene våre sitt rekrutterings- og utviklingsarbeid. Det blir det meir solide bedrifter ut av, og det vil auke tilflyttinga. Og sidan folketal er den

viktigaste kjelda til økonomien til ein kommune, vil det gjere det lettare i neste omgang å gjere tenesteoppgåvene endå betre.

Leverer dessutan kommunen godt plan-og utviklingsarbeid, vil verksemdene våre få tilgang til naudsynt næringsareal og kommunal infrastruktur når dei treng det, og våre tilsette vil kunne få tilgang på gode bustadsfelt.

Ein kommune på Kinn sin storleik viser att i Vestland fylkeskommune. Det har ført til fleire viktige gjennomslag for oss allereie . Skal vi få til nyetableringar er ein ofte avhengig av regional og nasjonal drahjelp. På desse arenaene får Kinn ros for mykje godt arbeid berre etter to år. Og som sentralt plassert kystkommune med alle dei moglegheitene som ligg i havrommet, vil ein sterk kommune med eit sterkt næringsliv skape endå fleire moglegheiter.

Det er ein styrke for Kinn kommune at næringslivet i Måløy også sluttar opp om Kinn. Deira talerøyr, Måløy Vekst, si medlemsundersøking tidlegare i sommar, viser eit ønskje om ei vidare satsing på Kinn.

Feil fokus dei neste åra med avvikling framfor utvikling vil utfordre kompetanse og kapasitet i tenesteproduksjonen i Kinn kommune. Ein slagkraftig og kompetent kommune er vesentleg for næringslivet, ettersom kommunen er ein sentral for samfunnsutvikling i form av bu-og arbeidsmarknad.

For viktige støttespelarar som fylkeskommune og stat vert vi mindre synlege og attraktive. Potensialet som ligg i Kinn kommune er på ingen måte henta inn på knappe to år . Kort tid og mykje politisk støy får ta mykje av skulda for det. Likeeins har ein krevjande pandemi bremsa fleire viktige prosessar.

No handlar det om å stake ut vegen vidare for ein attraktiv og god kystkommune å bu og drive verksemder i .

Bruk stemmeretten din! FIN går for Kinn!