Nytt styre – ny årsplan

Dette skal FIN og det nye styret jobbe med

Arbeidsprogram FIN 2022

FIN vil som tidlegare engasjere seg i aktuelle saker som det er naturleg for foreininga å ta del i og uttale seg om.

Kommunikasjonar / transport
FIN vil ha løpande kontakt med DAT som har kontrakt på FOT-rutene Florø – Oslo, om ruteoppsettet og andre praktiske ting som er avgjerande for brukarane. FIN vil fremje medlemmane sine standpunkt, og legge vekt på at rutene er tilpassa næringslivet sine behov. Det er ønskjeleg å få på plass ei laurdagsrute, og FIN vil påverke DAT til å promotere rutene sine – slik at ein får opp setedekninga. FIN skal jobbe for å få opp standarden på terminalbygget og heliporten. Dette er viktige konkurransefortrinn, spesielt for oljebransjen.

FIN vil jobbe for eit best mogleg rutetilbod med buss og båt både innanfor Kinn kommune og på kysten av Sogn og Fjordane.

Eit anna viktig satsingsfelt er å flytte transport frå land til sjø.

Nyrekruttering
Styret skal jobbe hardt for å få med fleire nye medlemmar i foreininga. Styret skal jobbe aktivt inn mot nyetablerte bedrifter – og elles vere flinkare til å ta direkte kontakt med bedriftene i Florø. Innspel på Aksello sine frukostmøte kan vere ein viktig rekrutteringsarena, og at vi er godt synlege i media.

Attraktivt for nyetablerarar
FIN vil jobbe for at Florø skal vere ein attraktiv plass å etablere seg, både for norske og utanlandske investorar.

Energikapasitet og nettleige
Det er eit viktig konkurransefortrinn å ha rikeleg tilgang på grøn energi. Både store og små bedrifter har stort behov for energi. For tida er det store planer på gang på basen – som vil krevje utbygging frå Grov og vestover. Linja står for utbygginga, men FIN og andre aktørar må påverke politikarane, som tek avgjerdene. Infrastrukturen for både vatn og elektrisitet er avgjerande for næringslivet. Samtidig vil FIN jobbe for at nettleiga til bedriftene må ned.

Næringsareal
FIN må tenke både på lang og kort sikt og vere i forkant når det gjeld behova for både nærings- og bustadareal. FIN ønskjer å vere ein aktiv deltakar i planarbeidet i kommunen og å komme tidleg med i planprosessane.

Ein har avgrensa tilgang til næringsareal og ein treng areal med kort veg til kai og sjø – og ein må unngå konflikt med bustadareal. Slikt areal finn ein både på Botneneset og i Gunhildvågen / Måsholmen. Flora Hamn går for ei utvikling vestover, og massane frå  Mortingsbåane vil vere viktige i denne samanheng. Næringsaktørane i Gunhildvågen treng meir areal, og i tillegg må ein må få ei framtidsretta løysing for konteinarhamn. FIN vil saman med næringsaktørane ha fokus på rekkefølge krav og avgifter.

Samarbeid med andre næringsforeiningar
Dette er viktig for næringsaktørane i regionen, og er blitt mykje lettare etter at Covid-restriksjonane er vekke. FIN har lang tradisjon for felles møter / arrangement med Førde Industri og Næringssamskipnad (FIN) og Måløy Vekst. Dette vil vi legge vekt på å få til dette året.
Utdanning og kompetanseheving
FIN meiner det er viktig å satse på fagutdanningane, og ønskjer at næringslivet tek ansvar ved å ta praksiselevar og lærlingar. Vi vil vidareføre satsinga på rekruttering til yrkesfag i samarbeid med skuleverket. Her er det aktuelt å jobbe vidare med planane om å marknadsføre bedriftene/utdanningsløpa. Ein må og vere føre var og beskytte VGS tilbodet i Florø, dette er viktig for attraktiviteten til byen.

Kommunedelplanar
I samband med tunge plansaker vil styret i FIN arrangere møter med gruppeleiarane. Det er viktig med eit oppdatert planverk og FIN må komme med konkrete innspel, og få politikarane til å forstå korleis og kvifor. Kinn kommune må bli meir løysingsorientert, og ha mål om å  vere ein JA-kommune.

Samarbeid og påverknad av politikarane
FIN vil «bruke» og påverke Stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, som er komne i komitear som er spesielt viktige for næringslivet. Det kan vere nyttig å invitere representantane til å delta på arrangement / opne møter i regi av FIN.

Møteaktivitet
FIN legg opp til minst 5 styremøte i året og har som siktemål å arrangere 2 medlemsmøter. Aksello vil halde fram å arrangere frukostmøte for mellom anna medlemer av FIN, den første torsdagen i kvar månad. Dette er ein møteplass for verksemder i Flora, der ein kan møtast for å få informasjon, dele erfaringar og finne nye samarbeidsformer. Felles bedriftsbesøk til bedrifter i regionen kan også vurderast.

Aktuelle tema på opne møte
·       Havbruksnæringa er viktig for FIN sine medlemmer og for alle i kommunen. Det er viktig at folk forstår mekanismane og regelverket som styrer næringa. Difor ønskjer vi å arrangere eit ope møte, i lag med næringa der «Trafikklysordninga» er sett på dagsorden.
·       Utbygging av linjenettet er eit anna dagsaktuelt tema som kan vere nyttig å ha på eit ope medlemsmøte i lag med LINJA AS.

Bli kjent med

det nye styret i Flora Industri og Næringsforening

På årsmøtet i FIN 15. juni vart desse valde inn i styret:

  • Bjørn Hollevik, leiar

    Grind AS

  • Kristin Bergstøl Hansen, nestleiar

    Slakteriet AS

  • Ole Schanke Eikum, styremedlem

    Fjord Base Holding AS

  • Svein T. Nødseth, styremedlem

    Fokus Elektro AS

  • Linn Theres Nekkøy, styremedlem

    Norwell

  • Anders Johannes Lien, varamedlem

    iVest Consult AS

  • Tor Førde, varamedlem

    K. Jansen