Fire av ti Kinn-bedrifter trur på vekst i år: – Dette er gode tal

Intervju med Bjørn Hollevik i Firdaposten 9. januar 2024

Sjølv om enkelte bransjar slit, så er framtidstrua slett ikkje avgått ved døden blant bedriftene i Kinn kommune.

Det er humpete tider for anleggsbransjen, og bilbransjen har også sine utfordringar. Men i det store bildet går ting ganske bra i Kinn kommune, og det kan det også halde fram å gjere gjennom året vi nettopp har starta på. Slik kan ein kort oppsummere undersøkinga som Sentio Research utførte for næringsforeningane Måløy Vekst og Florø industriforeining på tampen av fjoråret.

I undersøkinga, der 93 Kinn-bedrifter tok seg tid til å svare, kom det fram at fire av ti bedriftsleiarar trur verksemda deira vil få fleire tilsette i løpet av dei neste 12 månadene. Fem av ti trur talet vil vere stabilt, medan berre ein av ti trur dei må kutte i bemanninga.

Tendensen er lik, uavhengig av om verksemdene ligg i Måløy eller i Florø-området – med eit lite unnatak. Når det gjeld verksemder som trur dei må kutte i bemanninga inneverande år, så ligg samtleg av desse i Florø.

Dette er likevel tal som leiar for Flora Industri og Næringsforening (FIN), Bjørn Hollevik, kan leve godt med.

– Ja, dette er svært positive signal totalt sett. Og dei føyer seg pent inn i eit større bilde, der NHO Vestland får tilsvarande tilbakemeldingar frå heile vestlandsregionen. Optimismen er der, seier Hollevik.


Les heile artikkelen: Firdaposten 9.1.24

Næringslivet i Kinn og framtidstru

  • På oppdrag frå Kinn kommune og i samarbeid med næringsforeiningane Måløy Vekst og Florø Industriforeining har Sentio Research gjennomført ei undersøking om tilfredsheit med kommunen. Formålet med undersøkinga er å kartlegge lokale bedrifter sine synspunkt på viktige utviklingstrekk i kommunen dei har adresse i.
  • Utvalet består av 93 bedrifter i Kinn kommune, 36 i Måløy og 57 i Florø. 260 bedrifter vart invitert, etter e-postlister frå næringsforeiningane og 36 prosent svarte.
  • Intervjua vart gjennomført i perioden 4. oktober – 21.oktober 2023.

Kjelde: Sentio Research