Straum nok til alle

Av Ole Schanke Eikum, Fjord Base Gruppen

Kysten vår har ein industri- og næringsaktivitet mange kan misunne oss, og no står investorar nærast i kø for å etablere ny, grøn industri på Lutelandet, i Florø og i Bremanger. Av fleire årsaker er kysten attraktiv for den nye, grøne industrien, med nærleik til den maritime marknaden, industriareal og gode hamner. Og kraftforsyning har vi også, men då må vi samle alle gode krefter om løysinga no.

Då Vestland Fylkeskommune la fram 2. versjon av Grøn Region Vestland denne veka, hadde Kinn kommune gått frå gul til raud status på kraftforsyning, som betyr at det ikkje lenger er tilgang på ny kraft, eit tydeleg signal på at det tiltak er nødvendig for å leggje til rette for vidare næringsutvikling. Årsaka er som nemnt, at ei mengde industri-initiativ er meldt inn til Statnett sidan Grøn Region Vestland vart lansert første gongen. Det er ein veldig unik situasjon at investorar konkretiserer og lanserer industriprosjekt i den skalaen vi ser no, noko som kan bidra til framtidig sysselsetting og velferd for kystsamfunna.

For Fjord Base åleine har EY gjort ei verdiskapingsanalyse som viser at dei grøne initiativa har potensiale til å skape mellom 700 og 1300 arbeidsplassar i 2035. I tillegg kjem ringverknader med arbeidsplassar i servicenæringane til industrien, som butikkar, hotell og offentlege tenester. Mange spør kvar desse arbeidstakarane skal kome frå. Og svaret er ikkje eintydig, men vil nok vere ein kombinasjon av omstilling frå andre næringar og tilflytting.

For å legge til rette for desse industri-initiativa er det avgjerande at vi planlegg for framtida i lag, og at vi samlar oss om løysingar som kjem flest mogeleg til gode. Ikkje minst gjeld dette samfunnskritisk infrastruktur som kraftnettet, slik monopolregimet faktisk også legg opp til, der dei samfunns-økonomiske gevinstane skal vege tungt.

Lat meg gjere det heilt klart: Eg støttar elektrifiseringa av Tampen som Equinor legg opp til med forsyning frå regionen vår.

Det er eit nødvendig og godt klimatiltak, og eit tiltak som vil sikre konkurransekrafta for framleis produksjon frå felt, som er viktig for Fjord Base, Florø og heile regionen vår. Men eg skulle sterk ønskje at Equinor, Statnett og alle kraftkrevjande industri-initiativ, kunne finne saman om etablering av ein ny sentralnettstasjon på Grov. Dette er nemnt som eit aktuelt tiltak i Statnett sin langtidsplan, men tydelegvis for seint for Equinor sin framdriftsplan. Dersom alle krefter hadde bidratt til å framskunde tiltaket på Grov, så hadde dette også løyst ut dei landbaserte industri-initiativa med store, positive ringverknader for lokalsamfunna på kysten. Dersom vi ikkje evnar å samle kreftene og velje den framtidsretta løysinga no, er det ein fare for at Statnett skyv det nødvendige tiltaket på Grov endå lengre ut i tid, med konsekvens at fleire industri-initiativ vil gleppe for oss her i regionen.

Når elektrifisering av Tampen med kabel frå land kjem opp som ei sak, må alle samfunnsøkonomiske effektar vurderast for kvar kabelen skal knytast til sentralnettet, og eg kan ikkje sjå at dette er gjort. Det er enno tid til å utgreie alternativet med ny sentralnettstasjon på Grov og gjennomføre dette innan tidsramma som Equinor jobbar ut frå. Samordningsoppgåva ligg hos ansvarleg mynde med NVE og Statnett i spissen, og vår oppgåve er å gjere desse merksam på den manglande utgreiinga og kva lokalsamfunna på kysten går glipp av ved å velje feil løysing.

Ole Schanke Eikum, Fjord Base Gruppen