FOT-ruter til våren?

Vi har klare forventningar

– Vi har klare forventningar

Bjørn Hollevik i Flora industri- og næringsforeining (FIN) er ein av dei som er engasjert i arbeidet med å få tilbake FOT-rutene. Han seier det ikkje var forventa noko omlegging av FOT-rutene i statsbudsjettet.

– Det var ingen som trudde at vi skulle få FOT-ruter no. Det som står nemnd i statsbudsjettet er berre indeksregulering av tilskota til dei som er inne på ordninga, understrekar Hollevik.

– Vi er midt inne i ein prosess i forhold til FOT, og eg føler vi har ein god dialog med Samferdsledepartementet. Dei har forståing for våre utfordringar. Vi har klare forventningar om at vi skal komme inn på FOT-rute dei to siste åra i perioden no, før fylkeskommunen tar over, seier Hollevik.