Ope FIN-møte med smittevernoverlege Dale

På SMS senteret 16. oktober

Det var veldig godt frammøte – med 20 medlemsbedrifter – på oppfølgingsmøte med smittevernlegen. Spesielt med tanke på KORT varsel!

Hovudelementa i informasjonen frå smittevernlege Jan Helge Dale:

  • Vi har to risikovegar for smitte: våre eigne reiser + arbeidsimport
  • Vi ser ein eksplosjon i smitte, med ny karakter der dei smitta er yngre, og er utan symptom når dei kjem til landet.
  • Vi erfarer at bedrifter lagar sine eigne reglar – som ikkje er tufta på nasjonale reglar – med m.a. krav om fleire testar. Desse kjem ikkje til å bli oppfulgt av det offentlege helsevesenet.
  • Det er bedrifta sitt ansvar å få testen på flyplassen / hamna verifisert som negativ.
  • Det er bedriftene sitt ansvar å orientere dei tilsette om nasjonalt og lokalt regelverk / rutinear / smitteverntiltak. Viktig med rett språk!
  • Eit av dei største utfordringane er underleverandørar, som har mange utanlandske arbeidarar i distriktet – men ikkje har administrasjon her som kan rettleie arbeidarane.
  • Folk som er testa må IKKJE møte på SMS senteret for å få prøvesvar – dei er ei stor kjelde til smitterisiko. KJEMPEPROBLEM! I Florø testar ein 20 – 55 personar kvar dag måndag – fredag .
  • Bedriftene må ha ein kontaktperson, som har fullmakt til å motta prøvesvar for fleire. Kan ikkje formidlast pr e-post eller telefon.

«Det er der folk møtast at smitta skjer!»

  •  SMS ønskjer liste over kor tid ein ventar inn mykje folk, og frå kva land – treng tid for å ta test.
  • Bedriftene må ha gode rutiner på personaloversikt.
  • Det kjem til komme krav om smittevernsplan.
  • Ein kan teste seg ut av innreisekarantene – ein kan ikkje teste seg ut av sjukdomskarantene

«Karantene er trygt – ikkje test»

Smittevernlegen sa vidare at dei kan bli betre på informasjon, der testskjema m.a. kan innehalde meir praktisk info. Han brukar bevisst media for å informere om tilstanden i kommunen, for då veit han at det kjem raskt ut. Dale oppfordra næringslivet til å dele sin erfaringar og arbeidsmetodar. Det kom fram at enkelte bedrifter har gode rutiner med smittevernplan og sjekklister – og øver på potensielle situasjonar. For enkelte kan det vere smart å ha lengre rotasjonsperiodar – for å halde smittepresset nede. Bedrifter og kommunar må vere innstilte på meir regionalt samarbeid i smittevernarbeidet – slik som i Hyllestad.

FIN inviterer bedriftene i Florø til å komme med innspel – så kan vi dele erfaringane – på nettsida vår www.florain.no