FIN si høyringsuttale om flyruter

Samferdsledepartementet har starta arbeidet med nytt anbod på regionale ruteflygingar, då anbodskontraktane for mellom anna ruteområda Florø – Oslo og Florø – Bergen går ut 31. mars 2016. Fylkeskommunen er invitert til å komme med innspel til utforminga av anbodet. Samferdslenemnda i Flora kommune har fatta eit vedtak utan å be om råd frå næringslivet. Florø Industri- og Næringsforening (FIN) meiner dette er så viktig at vi ønskjer å komme med ein eigen høyringsuttale.

TØI rapport (1331/2014)
Transport Økonomisk Institutt (TØI) har laga ein rapport – på oppdrag frå Samferdsledepartementet – som inneheld anbodsopplegg for flyrutene, og som er ein viktig del av  avgjerdsgrunnlaget for utforminga av anbodskriteria. Rapporten har to forslag til anbodsopplegg;

1)     Framleis konsesjonsdrift (FOT)
2)     Overgang til kommersiell drift.

TØI-rapporten foreslår å endre setekravet frå å vere eit vekekrav til å bli eit årleg setekrav for å oppnå større fleksibilitet for flyselskapa. Ein vil også fjerne krav til frekvens, flystorleik og ruteføring, samtidig som det blir foreslått å halde på tidskravet. I følgje TØI-rapporten bør begge Florø rutene få høgare maksimaltakst for å auke sjansen for framleis 0-anbod.

Konsesjonsdrift (FOT) vs. kommersiell drift
Konsesjonsdrift (FOT) vil truleg bidra til at flyrutene vil bli oppretthaldt omtrent som i dag, i motsetnad til kommersialisering. Flyrutene er i dag tilpassa næringsliv og jobbreisande. Den private marknaden, passasjertal og økonomi vil ha sterkare påverknad på flyrutene og varigheita av desse ved kommersialisering.

I følgje rapporten er det mest nærliggande objektive kriteriet for kommersiell drift at ruta ikkje treng støtte for å kunne oppretthalde dagens produksjon og prisnivå. Utifrå dette kan ein kan gå over til kommersiell drift når ein er relativt nær balanse med dagens produksjon og prisnivå. Etter TØI-rapporten sitt skjønn er det eit relativt godt grunnlag for kommersialisering av Florø-rutene.

Kva treng næringslivet
Begge løysingane har fordeler og ulemper, men for næringslivet meiner FIN at ei kommersialisering vil slå beina under det som er bygt opp rundt flyplassen i Florø. Siste anbodet frå Widerøe er på kr. 0, slik at staten tener ingen ting på ei kommersialisering. Fordelen med FOT-ruter er kjente rammer for flytrafikken, som gir den fleksibiliteten, stabiliteten og frekvensen som næringslivet etterspør. Næringslivet står for 95% av passasjertalet, og i følgje Widerøe er oljeselskapa dei desidert største kundane i Florø.

Oljeselskapa har i dag totalt 39 planlagde helikopterturar per veke, dvs. 1250 pax. Eit optimalt helikopterprogram er avhengig av god tilbringerteneste, spreidd utover heile dagen og heile veka. Helikoptera har svært god utnyttingsgrad i Florø, mykje på grunn av godt samarbeid og samkøyring mellom oljeselskapa og flyselskapet.

Frekvens og gode forbindelsar:
Oljenæringa i Florø legg vekt på å optimalisere helikopterrutene. Med hyppige avgangar spreidd utover dagen, som er samkøyrte med flyavgangane får ein minst mulig ventetid på flyplassen og ein unngår overnattingar for brukarane.

Fleksibilitet:
Oljeaktiviteten føregår 24/7, 365 dagar i året, og med god tilpassing av ruteprogram og god dialog med flyselskap og Avinor oppnår ein gode løysingar, også på dei raude dagane i kalenderen.

Stabilitet:
FOT rutene har eit definert krav til opningsvindu – med spreidde avgongar, og ein er trygg på at ruteprogrammet ikkje blir endra utan god dialog. Kravet til direkteruter til/frå Oslo og Bergen er viktig med tanke på vidare reiser til resten av landet / utlandet. Ikkje minst er det viktig at avgangar ikkje blir fjerna om dei skulle vise seg å gi lita inntening.

God tilbringarteneste
Fleire oljeselskap vel å fly frå Florø, nettopp fordi ein ser at det er gode logistikkløysingar frå lufthamna, med svært gode tilbringartenester. Dette er avgjerande for ein vidare vekst og utvikling av helikoptertrafikken. Oljefelta ligg nær Florø, og med kjente rammer som i dag, vil oljenæringa også i framtida velje Florø framfor Bergen som destinasjon.

Med all offshoretrafikken i Florø er ein med og skapar eit godt basistilbod, som igjen er viktige for andre reisande. Dette blir ein vinn-vinn situasjon for heile næringslivet. Rutetilbodet på Florø Lufthamn er svært gunstig og mykje nytta til jobbreiser.

Konsesjonsdrift (FOT) sikrar framtida
Flora Industri- og Næringsforening (FIN) meiner at risikoen er for stor til at ein vil endre noko som vi ser fungerar. Konsesjonsdrift (FOT) fungerar godt for næringslivet, og vi ønskjer ikkje å eksperimentere med dette. Innanfor desse rammene er det allereie i dag etablerte kommersielle ruter på lufthamna, slik at FOT-ruter ikkje er til hinder for kommersiell drift ved sidan av.

FIN meiner at flyoperatøren må legge til rette for eit særskilt tilbod til ungdom under 25 år og foreldre som reiser med barn, på enkelte flyankomstar og -avgangar, som ein del av konkurransegrunnlaget. Dette vil vere med å stimulere nye grupper til å nytte fly.