temposeminaret

Temposeminaret 30. oktober

Temposeminaret i Florø har inngått ein avtale med Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS) og Flora Industri og Næringsforening (FIN) der medlemsbedrifter i FIN og FINS får 10% rabatt på deltakaravgifta på årets Temposeminar, fredag 31 oktober i Florø. Rabatt-tilbodet må nyttast innan 21 oktober. Bedrifter i Førde og Florø treng møtestader der vi blir meir kjent med kvarandre og der nye idéar og godprat blir utveksla! Vi ser for oss at fellessamlinga i Førde under festivalen LARRIS på våren og Temposeminaret i Florø på hausten, blir årlege happeningar.

Påmelding som FIN-medlem:
Ved påmelding via heimesida www.temposeminaret.no  innan 21 oktober får du 10% rabatt på seminarprisen og 10% rabatt på festkveldsprisen. På påmeldingslinken skriv du berre ”FIN 10 prosent” i rubrikken der du fyller ut fakturaadressa di og du vil bli godtgjort rabatten. Melder du på fleire frå same bedrift kan du også melde desse på direkte til Per Øyvind Helle, per@hipphipp.no – 40402905.

I år blir det m.a meir tid til mingling både på dagtid og kveld, samt glimrande underhaldning på festkvelden.

Når det gjeld det viktigaste, føredragshaldarane, så kan Temposeminaret presentere 4 glimrande føredragshaldarar til årets seminar; fredag 31 oktober. Vi vonar å sjå mange FINS-bedrifter på seminaret, og oppmodar dykk om påmeldingar snarast og innan 21 oktober. Legg ved info om Harald Magnus Andreassen og Birgit Skarstein som er to av føredragshaldarane. Info om dei andre føredragshaldarane finn du på www.temposeminaret.no