Høyringsuttale – regionale ruteflygingar – frå FIN

«Ny konkurranse om regionale ruteflygingar frå 1. april 2024»

Høyringsuttale frå FIN – sendt til Kinn kommune april 2022

Flora Industri og Næringsforening (FIN – www.florain.no) er svært opptekne av å ha eit stabilt og forutsigbart flytilbod. Slik vi ser det vert dette teke best i vare ved å bruke FOT-ruter på destinasjonane Florø – Bergen og Florø – Oslo.

I tillegg til at vi må vere sikra forutsigbarheit og regularitet, er medlemmane våre opptatt av at prisane har vore for høge. FOT-rutene sikrar prisnivået, noko som fører til at næringslivet kan bruke flytilbodet som dagleg infrastruktur til dei 2 største byane i landet.

Når det det gjeld tidspunkt for reisene er det viktig med eit morgonfly som sikrar at dei reisande når den første bølgja av vidare flyreiser frå Bergen og Gardermoen. Det er og viktig at ein kan delta på møter i Bergen og Oslo tidleg på dagen.

Grunna høg offshoretrafikk til Bergen må det dagleg vere minimum 5 tur / retur flygingar hit. Dette er avgjerande for å sikre helikopterbase-funksjonen Florø har mot Nordsjøen.

Flyfrekvensen mot Oslo bør minimum vere på 4 tur / retur flygingar dagleg på yrkedagane. Siste avgang frå Florø til Oslo må tidlegast gå kl. 20.00, og siste fly frå Oslo til Florø bør vere etter kl. 21.00. Flygingane på laurdag og søndag er først og fremst retta mot fritidsreiser, for eigne innbyggarar og besøkande. Her bør frekvensen vere på minimum 2 tur / retur flygingar per dag (laurdag og søndag).