Content marketing

Innhaldsmarknadsføring med Firdaposten 11. februar

Content marketing

Firdaposten inviterer medlemmane i Florø Industri- og Næringsforening til informasjonsmøte om content marketing (innhaldsmarknadsføring) torsdag 11/2 frå kl 08.00 til 09.00 på Quality Maritim Hotell. CM er det nye moteordet, men mange veit ikkje heilt kva det betyr, korleis ein brukar det rett, kva det passar til, og kva det ikkje passar til. Mange er også i mot at vi som redaksjonelle produkt skal tillate betalt innhald, uavhengig av merking.

Trendar, bruk og mogelegheiter

Mai-Kristin Tidemansen, som leiar Amedia Vest si «innhaldsmarknadsføringsavdeling» vil bruke ein halvtimes tid på å fortelje om trendar, bruk og mogelegheiter. Deretter vert det tid til diskusjonar og spørsmål.

Vi inviterer på frukost

Om de kjem, send gjerne ei melding til sander@firdaposten.no

Med beste helsing

Sander Ødelien
Marknadsleiar | 900 51 867