Trovik på ski - Firdaposten

Invitasjon til VinterFlora og Florameisterskapen i Bedriftsleik 2016

Laurdag 6. februar kan ditt lag bli den første vinnaren av Florameisterskapen i Bedriftsleik!

VINTERFLORA eit arrangement der vi inviterer bedrifter i Flora til ei felles storsamling.

VINTERFLORA blir ein slags teambuildingssamling der vi skaper ein stor relasjonsarena for bedrifter og studentar. Arrangør er Byen Vår Florø med 30 subseastudentar som frivillege funksjonærar. Det er viktig for oss å involvere og engasjere studentante i lokalsamfunnet på denne måten.

Gjennom leik, humør og humor blir ein sett i ein «modus» der ein «tør» meir, tenkjer større, byr meir på seg sjølv og er meir mottakeleg for å «danse med andre» (bokstavleg talt også). Og i Florø treng vi å danse meir med kvarandre!

INNHALD:

VINTERFLORA 2016 vil bestå av arrangement og konkurransar 6. februar 2016. Alt skal gå føre seg i Florø sentrum. Vi ønskjer ei tett og engasjerande arrangements-atmosfære.

Sjå bildeserie i Firdaposten frå MGP hopprenn i Trovikbakken – februar 2012.

Dette er VINTERFLORA:

Laurdag 6. februar

Kl 10.30: Samla registrering og offisiell opning av VINTERFLORA-LEIKANE på Torget i Florø.

4-manns-lag. Større bedrifter kan stille med fleire lag. Små bedrifter kan slå seg saman og stille lag. Vennelag er også velkomne. Om du stiller 4 damer eller 4 herrer på laget, er opp til deg – men ein miks hadde vore flott 🙂 Maks 50 lag.

4 øvingar

1) kl 11.00 – 12.00 – Torget: Spikerslåings-stafett i stubbe. Alle 4 på laget slår i to spiker kvar på raskast mogleg tid.  10 lag om gangen.

2) kl 12.00 – 13.00 – Strandgata:  SKI-stafett i Strandgata (på asfalt om ikkje snø!) Stafett: 70 meter. Dei 4 på laget går på samme par ski, veksling foregår ved å hoppe oppi skistøvlane til den du vekslar med! (Laget skaffar sjølv eit par «utdaterte» ski – bruk same skistøvelpar til alle på laget. Arrangør kan hjelpe med å skaffe ski). Raskast tid. 5 lag om gangen.

3) kl 13.30 – 14.15 – Torget: Blindtesting av mat/drikke. Dei 4 på laget smakar på kvar sin matrett eller drikke. Gjett kva du smakar på! 10 lag om gangen. Står lag likt er det tid som gjeld.

4) kl 14.30 – 15.30 – Strandgata:  Stylte-stafett. Alle 4 deltakarane på laget deltar. Arrangør stiller med stylter. Raskast mogleg tid. 50 meter tur-retur i Strandgata.

Dei 30 subseastudentane er funksjonærar og syt for at tider og plassering blir registert undervegs – slik at du veit korleis laget ditt ligg an.

5) Kl 18.30 – TØR DU TROVIK! Hopprenn i Trovikbakken – rett ut i Florevika (etter mal MGP). Kven som helst kan melde seg på – med ski, kjelke, snowboard… Premiering til beste, mest morosame, osv.. /utkledning/hopp. 15-20 deltakarar. Først-til-mølla-påmelding.

6) Kl 20.00 – 22.00 – AFTER SKI på Haavebua. Premiering av vinnarane i Florameisterskapen i Bedriftsleik med mat og prat og underhaldning. Bedriftene som har deltatt og studentane som er funksjonærar minglar.

Kl 22.00 – dørene opnast for alle. Premiering av vinnarar Tør du Trovik.

Kl 23.00 – 01.00: Konsert og allsang med coverbandet Skjæggi (Punch).
Påmeldingsavgift pr lag Florameisterskapen i bedriftsleik: kr 3600,- mva.fritt for eitt 4-mannslag. Inkluderer punkt 1-4 over, samt tapasmingling, underhaldning og konsert på Haavebua; punkt 6. Premiering til dei 3 beste laga og vandrepokal til vinnaren. Om to/fleire bedrifter slår seg saman er altså prisen pr deltakar kr 900.

Påmelding snarast (innan 14 januar):

Send epost med namn på laget, kontaktinfo til kontaktperson og fakturaadresse til
Per Øyvind Helle – post@byenfloro.no – telefon 404 02 905