Kystvegkonferansen 2015

Frisk debatt under Kystvegkonferansen

Leiar i Flora Industri- og Næringsforening møtte saman med fleire representantar for FIN-medlemmer på Kystvegkonferansen som gjekk av stabelen i kystbyen 25. august.

Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen Linda Hofstad Helleland var ein av hovudinnleiarane på Kystvegkonferansen. Ho la vekt på at Kystvegen vil styrke regionen, men at politikarane og næringslivet må prioritere. I debatten med Fylkesordførar Åshild Kjelsnes og tilhøyrarane i salen sa ho mellom anna at fylkeskommunane generelt er dårleg vegeigarar. Dette vart tilbakevist med at fylkesvegane i Sogn og Fjordane – i følge Statens Vegvesen – får eit betre vedlikehald enn riksvegane i fylket.

Det vart mellom anna diskutert om Kystvegen burde omkvalifiserast til riksveg. Det var einigheit i salen om at ein bør gje Kystvegen Ålesund – Bergen eit eige vegnummer. Då vil vegen frå Ålesund til Bergen stå fram som ei samanhengande eining, og det vil vere god merkevarebygging.

Leiaren for Transport- og kommunikasjonskomiteen avslutta med å ønskje dei tre fylkeskommunane lukke til med arbeidet med Kystvegen, og tilrådde å løfte den opp som riksveg. Både Kjelsnes og Helleland påpeika at det er eit svært godt utgangspunkt at 3 fylkeskommunar og 19 kommunar samarbeider og er einige om å prioritere Kystvegen Ålesund – Bergen.

Artikkel i Firdaposten 25. august

Reportasje NRK Sogn og Fjordane nett

  Radioinnslag NRK Sogn og Fjordane


Ved å kople næringsklyngjer tettare saman, skaper ein felles arbeidsmarknader, sa økonomiprofessor Torgeir Reve på Kystvegkonferansen. Han peikar på at ein må slutte å bygge vegar berre ut frå transportøkonomiske kriterium. I staden må ein sjå på nærings-økonomi og effekt på verdiskaping og samfunnsutvikling.

Les artikkel i Firdaposten 27.8.