Firdaposten 20.8.15

AquaNor i Trondheim

Firdaposten 20.8.15Flora Industri- og Næringsforening var representert ved leiar på AquaNor messa i Trondheim. Relasjonsbygging og kontakt med ei næring som betyr meir og meir for oss er ekstra viktig i desse dagar, med store utfordringar i anna industri.

 

Havbruksmagasinet som A til Å i Flora har laga på oppdrag frå fylkeskommunen viser at næringa har eit vidt spekter av produkt, og at framtida er mangslungen i den marine sektoren. Her kan ein lese om alt frå tareproduksjon til lusekamp, kveite og tradisjonelt lakseoppdrett. Næringa er i sterk vekst, og leverandørindustrien betyr mykje for fylket. Bla deg gjennom magasinet her:

Havbruk i Sogn og Fjordane