Ewos lærlingar

Lærlingar i fokus på frukostmøte

Leiar for FIN, Bjørn Hollevik, orientert på frukostmøtet 3. september om stoda i fylket, der mange unge står utan lærlingplass. – Når vi først har oppfordra ungdommane våre til å ta fagutdanning, så må vi vere med å ta ansvar og hjelpe dei på vegen fram mot fagbrev. Han oppfordra næringslivet til å opne dørene og sleppe ungdommen til. – Her i Flora har vi kortreist utdanning og med lokale læreplassar får vi kortreist læring og vi får kortreist arbeidskraft – som raskt kan gjere ein viktig innsats for det lokale næringslivet. Samtidig er det viktig å vere bevisste på at dette er krevjande for bedriftene.

– Ungdommane skal ikkje berre ha ein plass å vere, men ein plass å lære, avslutta FIN leiar Bjørn Hollevik.

 

Ewos lærlingarRune Ryland frå Ewos følgde opp med å fortelje om sine erfaringar med å ta inn lærlingar i bedrifta. – Vi er 70 fast tilsette på fabrikken og har 13 lærlingar, i tillegg til 2 lærlingar på IT. Ewos samarbeider tett med PRO opplæringskontoret, og får god støtte til å gjennomføre læretida på ein fagleg forsvarleg måte. For oss er dette eit samfunnsansvar samtidig som vi har god nytte av å ha lærlingar på plass. Fleire av lærlingane våre tek 2 fagbrev, og er ein kjemperessurs for oss. Det er krevjande for oss å ha lærlingar, samtidig som det gir oss god fagleg påfyll, og pushar oss sjølve til å skjerpe oss i arbeidet.

– Vi er inne i ei seniorbølge, og dei nyutdanna kjem med ny kompetanse og er viktige for rekrutteringa til Ewos, sa fabrikksjef Rune Ryland.