Kjartan Aa Berge og EY etablerar kontor i Horne Brygge

EY på plass i Florø

Den 15. september opnar EY – som er medlem av FIN – kontor på Horne Brygge i Florø.

Ifølge regionleiar Kjartan Aa Berge er bakgrunnen for etableringa at EY allereie har fleire kundar i byen. Dessutan har sentrale aktørar i Florø utfordra EY på å ha eit eige kontor i byen.

Aa Berge slår fast at Florø har det mest spennande og dynamiske næringslivet i fylket. Målet til EY er å etablere eit kontormiljø for 2-4 tilsette i Florø.

– Vi erkjenner at nærleik til denne marknaden dermed er viktig for oss, og vi gler oss veldig til å bli betre kjende med byen og næringslivet i Florø, seier Kjartan Aa Berge, og ønskjer folk hjarteleg velkommen til ein uforpliktande prat i lokala i fjerde etasje.

Fakta om EY:

  • EY er eit  av verdas fire største revisjons- og rådgjevingsselskap.
  • Selskapet tilbyr tenester innanfor revisjon, forretningsrådgjeving, transaksjonar og juridisk rådgjeving.
  • EY har 190.000 tilsette i 150 land.
  • I Norge har EY 1650 tilsette fordelt på 39 kontor.
  • EY har frå før kontor i Måløy og Førde og har totalt 6 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.

 

http://www.ey.com/Home