Vegen vidare

Medlemsmøte om kommunesamanslåing på kysten

Kallar med dette inn til ope medlemsmøte i Flora Industri- og Næringsforening

DAG: torsdag 19. januar kl. 18.00 – 20.00

STAD: Quality Hotel Florø

TEMA: Kommunesamanslåing på kysten

PÅMELDING: På grunn av enkel servering ber vi om tilbakemelding om du kan møte – innan tysdag 17. januar kl. 12.00 til anita@atilaa.no

Bakgrunnen for møtet er at eit 20-tals næringslivsrepresentantar frå Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje var samla i Kalvåg 9. januar, og kom med ei uttale som er kjent i media.

Gruppa var samde om dei følgjande muligheitene og punkta:

  1. Tjuefem prosent av innbyggjartalet i Sogn & Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. Også i ei eventuelt ny og større fylkessamanslutning på kysten.
  2. Ei samla satsing på Florø Lufthamn vil sikre den nye kommunen eit framtidsretta tilbod med god regularitet.
  3. Ei felles satsing på Stad Skipstunnel sikrar vidareutvikling av nye næringar frå Florø til Ålesund.
  4. Ei felles satsing på 45-minutts-regionen vil sikre gode kommunikasjonar intern i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion.
  5. Næringslivet er trygge på at dei gjennom eit felles utviklingsselskap kan skape nye arbeidsplasser meir effektivt, utan begrensingane som ligg i dei gamle kommunegrensene.
  6. Næringslivsgrupperinga legg til grunn at ei ny, stor kystkommune i økonomisk vekst skal ha ein slagkraftig offentlig sektor, med eit styrka, lokalt tilstedeverande tilbod innan helse/omsorg og utdanning.
  7. Ei ny storkommune som skapar store verdiar for fellesskapet frå mogelegheitene som ligg i havrommet, vil stille sterkt i framtidig fordeling av relevante statlige arbeidsplassar.

Den nye kystkommunen vil gi følgjande næringsretta synergiar:

  • Ha ei av Norges største hamner
  • Vere globalt leiande innan pelagisk industri og havbruk
  • Ha ei av Norges sterkaste klynger av verftsindustri
  • Ei auka satsing på kystturisme
  • Ei styrka satsing på nye teknologiske næringar og det grøne skiftet

FIN inviterer næringslivsrepresentantar og den politiske leiinga frå kommunane som var representert i Kalvåg. Vi inviterer også inn bystyremedlemmane i Flora og representantar for Kystvegen og Fram Flora.

Florø 13. januar 2017

Bjørn Hollevik

Leiar FIN